Teaterlaget


Kven er vi?

Hovudmålsetjinga for Teaterlaget er å skape både vaksen-, barne- og ungdomsteater av høg kvalitet, og å ha det artig i lag. Laget drivast på dugnad. Vi har 6 aldersbestemte grupper for barn og unge i alderen 6-19 år og ei vaksengruppe for alle over 18. Dei aldersbestemte gruppene har ofte ei venteliste, medan vaksengruppa er ope for nye medlemmar.

Noko av det vi har gjort 

Lyst til å bli med?

Teaterlaget er ein medlemsorganisasjon og drives av og for medlemmane. Vi treng derfor folk som likar å drive med kostymer, lys og lyd, organisatoriske oppgåver, scenografi og mykje anna så vel som å stå på scena.

For barn og ungdom har vi grupper som har øvingar kvar uke med sine instruktørar. Her er det ofte venteliste for å bli med da gruppene ikkje er større enn 10-12 medlemmar fordelt på 2 eller 3 årskull.

Vaksengruppa har eit eller to prosjekt i året, avhengig av interesse frå medlemmane. Dei som ønsker kan også vere med på sommerteateret. Utanfor prosjekt har vaksengruppa ingen faste møtepunkt, men møtast ofte i sosiale lag. Vi ønsker at medlemmane i vaksengruppa fortset å vere aktive i laget også i periodar der dei ikkje er med på scena. 


Kva skjer i teaterlaget

I år er det 40 år sidan Teaterlaget i BUL i Nidaros sette opp si første framsyning på Munkholmen! Den gongen spelte me Fangen på Munkholmen av Berit Østberg, og visste ingenting om kva for ein fantastisk tradisjon me hadde sett i gang.

Årsmøte

22.01.2024

Det vert årsmøte i Teaterlaget i BUL Nidaros Onsdag 7. februar kl. 1900 på kontoret i Dronningens gt 23.