Årsmøte i folkedanslaget + dansekveld 31. januar

Årsmøtet i folkedanslaget 2018 blir onsdag 31. januar kl. 18:30 i lagssalen, Søndre gate 22 B.
NB! Merk tidspunktet!

Etter årsmøtet blir det dansekveld i lagssalen.

Førebels saksliste for årsmøtet ser slik ut:

Årsmelding
Rekneskap
Planar 2018:
- NTNUI-samarbeid
- Landskappleik
- Utanlandstur
Budsjett
Endring av "Lov for folkedanslaget"
Val

Alle er velkomne til å møte opp.
Røysterett på årsmøtet har alle medlemer som har betalt årspengar året føreåt og heiderslagsmedlemer.