Ungdomsgruppe 2 på DUS i Verdal

Image

Ungdomsgruppe 2 har dette året jobba med stykket Tabula Rasa av Agate Øksendal Kaupang. Prosjektet er ein del av Den Unge Scene.
Dette er ein nasjonal festival der ungdom spelar nyskriven dramatikk. I Verdal var det fem grupper frå Nord- og Sør-Trøndelag som hadde kvar sin framsyning.

Image

Dei ti ungdommane frå BUL gjorde ein veldig god versjon av stykket, og fikk gode tilbakemeldingar frå dommarane. Er dei heldige får dei lov til å spele på Det Norske Teateret i Oslo i mai, på den nasjonale festivalen til DUS. 

Dette er tredje gong ei gruppe frå teaterlaget er med på DUS.