BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

Helgekurs i rørospols 8.-9. februar

Vi gjentar suksessen frå tidlegare år, og får med oss Heidi og Svein til å halde kurs i rørospols andre helga i februar!

Pols er ein pardans i tretakt som er veldig vanleg på dansekveldar og dansefestar i Trøndelag. Kurset gir eit godt grunnlag for å kunne danse på Rørosmartnan. Kurset er opent for alle, og du treng ikkje ha med partnar.

Tid:
Fredag 8. februar kl 19-21
Laurdag 9. februar kl 11-15

Stad:
Adressa til hytta er Lianvegen 116B. Ta trikken frå sentrum til Lian. Gå oppover og 500 m forbi Sans & Samling (Lian Restaurant). På venstre side finn du ein liten parkeringsplass. Frå her går du vegen ned til venstre om lag 50 m.

Pris:
BUL-medlem/student: 200,-
Ikkje-medlem: 300,-

Det er inga førehandspåmelding, det er berre å møte opp.

Instruktørar: Heidi Tovmo og Svein Granøien


Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image