BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

5. - 26. juni 2015 Sommarteateret på Munkholmen Rockeulven


Rockeulven er ein eventyrmusikal for heile familien. Stykket handlar om ei eventyrlysten Geit og hennes tre små killingar. Dei bur i eit samfunn der tamme dyr lever "trygt og kjedeleg" i god samhandling. Her bryr dei seg om "seg og sitt"....(og om kva alle andre gjer) og til Geita si frustrasjon skjer det sjeldent noko nytt og spanande. Ein dag kjem ulven forbi, og med eitt får dei tamme dyra noko nytt å sladre om: har verkeleg Geita forelska seg i eit rovdyr? I ein ULV?! Noko så uansvarleg! Og ulven, er han også forelska? Vil han ikkje lenger ete andre dyr? ...Eller har han kan hende lumske baktankar?
 
Musikalen som vi spelar på Munkholmen i år er skriven av Tyra Tønnessen, Ragnar Olsen og Åsmund Flaten (musikk).
Regi/koreografi for BULs Rockeulven: Martha Standal
Musikalsk ansvarleg/arrangør/kapellmeister: Øyvind Jo Heimdal Eik
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Scenografi: Marie Steen Löwendal

Premiere fredag 5. juni kl. 18:30. Spelast mandag til fredag kl. 18:30 og søndag 15:30 og 18:30

Billettar: Vaksne kr. 210.- og barn 160.- pluss avgift.

Bestill på: bul-nidaros.hoopla.no/sales/


Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image