BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

Utferder i lokalområdet (2000)

 «Kjenn landet ditt» var eit slagord i gamle dagar. Dei fleste kjente berre bygda si. Mor mi trur eg aldri hadde reist dei tolv mila til Trondheim før eg flytta hit. Det var sensasjon den gongen ho hadde nokre dagar på husmorferie i Oppdal. No er mange av oss lommekjent i Thailand og kjenner gatebiletet på Gran Canaria. Svingane på E6 og R30 kjører vi i blinde. Men kjenner vi lokallandskapet vi bur i gjennom eit heilt liv? Og kva veit studentane om Trøndelag etter ei studietid på tre-fire år og meir?

Som eg har vore inne på tidlegare i denne serien, hadde vi eit lagsromsmiljø i Bondeungdomslaget. Der sat det folk som var kjent i Trøndelag, sat og prata om folk og stader. TV fanst ikkje, få hadde bil og ingen hadde PC og Internett som hefta dei bort. Skulle vi sjå noko, måtte vi ut og da var buss løysinga. Kontakten med bygdene var god og det vart fleire turar til aktuelle objekt i distriktet. Oftast fanst det ein lokal kontakt og omvisar som gjerne prata gratis.

Ein av dei turane eg hugsar best, var den til Skaun. Har de tatt av frå R39 i Børsa eller Buvika? De møter skog, innsjøar og eit frodig kulturlandskap på vegen over til dei indre grendene i Melhus. Vi kjørte langs Børselva til Eggkleiva der Laugen breier seg. Ungdomslaget hadde hus ved Eggkleiva. Vi var visst innom. Kanskje vi drakk kaffe? Men målet var Husaby der Einar Tambarskjelve skal ha budd og Kristin Lavransdotter og Erlend budde – i fantasien til Sigrid Undset. Anders Skauge møtte oss på Husaby. Eg ser han for meg der han sto på ein steinmur og fortalde så levande om desse folka at vi såg dei for oss slik dei levde på storgarden. Turen gikk vidare til Malmsjøen der vi stoppa på «Måkeskjer» der det den gongen var ein danseplatt. Det vart både leik og dans i den lyse sommarkvelden før vi la vegen om Melhus og fekk med oss utsikta mot Trondheim og Snillfjorden på turen mot Gimsan. Ein kveldstur på 7–8 mil. Anders Skauge døydde i vår, 87 år. Ein kulturperson er borte.

Steinvikholmen var målet ein kveld. Buss var tinga og termosane fylt. For å koma ut til ruinane, måtte vi passe på at det var fjøre sjø. Det var inga gangbru som no. Spelet om Lucie, Nils Lykke og Olav Engelbrektson har skapt behov for bru. Kven som viste oss rundt kan eg ikkje hugse, men eg hugsar historietimen der vi sat på vollen med nista og lydde. Vi fekk eit bilete av eit Noreg i naud. Sjølstendet var slutt. Dei norske leiarane vart utspelte. Danskane overtok og biskopen rømde. Vi sat med gode vener i sommarkvelden og hadde det bra. Bakom slottsruinane blinka fjorden i solnedgangen.

Eit anna minne om Noreg i naud fekk vi sjå da vi tok ein kveldstur til Hegra, også i Stjørdal kommune. Vi passerte Stjørdalshalsen og dro dit dalen smalnar. Der ligg Hegra festning oppe i berget til høgre. Det var her major Holtermann som sjef for 283 menn og ei kvinne forsvarte området mot tyskarane i 23 døgn med gamle våpen og små tilførsler i 1940. Vi kom dit vél ti år seinare. Det var rart å gå i dei tronge tunnelane der folket oppheldt seg. Kaldt og fuktig var det om sommaren. Korleis var det snøvinteren 1940? Eg hugsar det var snø på innmarka heime den niande april det året. Festninga vart bygd i 1905 for å stanse svenskane dersom dei kom. Festninga vart stilt i reserve i 1926. Artilleriet vart demontert og lagra. Dei som kom dit i 1940, monterte våpna og tok dei i bruk mot fienden som kom opp dalen. Det var visst den siste avdelinga som kapitulerte i Sør-Noreg. Vi kom dit i sommarkvelden og kunne nyte nista med utsyn over ein fredeleg dal med grøne bøar og kvit-raude gardar. I veggen på våningshuset like ved vegen på ein av dei kan ein forresten enno i dag sjå enden av ein granat som ikkje eksploderte. Glytt til venstre før du kjem til brua som er lysregulert.

Ein annan grunn til å dra på kveldstur, var leiting etter hyttetomt. Hytta på Ugla var innbygd og diskusjonen om plassering av ny hytte gikk for fullt. Vi var på Solemsåsen, Jonsvassmarka, Målsjøen og andre stader. Det problemet vart omsider løyst da prosjektet på Lian kom dettande først på åttitalet.

Det var utruleg kva vi kunne oppleve ein kort sommarkveld i nærområdet. Som eg nemnde innleiingsvis, treng ein ikkje reise langt for å finne interessante og flotte besøksobjekt. Og så fòr vi med buss. Det er vesentleg meir sosialt enn privatbilar. Veteranringen har hatt ein årleg busstur. Det er liksom eit større opplegg , men like sosialt. Var det ein tanke å legge opp til ein kveldstur? Få med alle aldersgruppene og dermed gjera dei meir kjende innbyrdes. Noko for tur og friluftsnemnda i samarbeid med særlaga?

Olav Mogstad



Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image