BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

Lagsrommet (1998)

Eit sentralt element i lagslivet, var lagsrommet. I slutten av nittenførtiåra var lagsrommet i andre høgda omtrent rett over hotellinngangen. Under ei større ombygging, det må ha vore først på femtitalet, vart det flytta til vestsida av huset, innafor balkongen som vi kan sjå på hjørnet Carl Johans g.–Gjelvangveita. Etter ombygginga fekk vi lagsrom, lagskontor og driftskontor i andre høgda og etter kvart to møterom i tredje. For å koma til lagsrommet måtte du gå forbi resepsjonen, opp trappa, gjennom ein pen gang og inn i forgangen til lagsrommet.

Lagsrommet var ope heile døgeret. Der var det salongmøblement. Ingen fekk ha møte på lagsrommet. Det var boksamling med oppslagsverk og telefon. Den kunne alle bruke gratis til lokalsamtalar. Der var det aviser frå alle landets kantar. Dei hadde eit raudt stempel: «Denne avisa er stolen på lagsrommet». Enkelte lagsfolk som hadde arbeid i midtbyen, sat der i formiddagspausen og fekk seg mat og kaffe, las aviser og prata med andre «stamgjester». Utover dagen stakk folk som var på handel, innom. Hadde du mykje å bera, kunne du sette att varene medan du gjorde andre ærend. Dei stod relativt trygt. Lagsrommet var godt gøymt inne i hotellkomplekset. Men det var nært knytt til matsalen for hotellet. Der kunne vi få servert middag. Det kunne vi også på lagsrommet, men der gikk det helst på kaffe og tynnlefse. Ein populær rett var hamburgar, men det var ikkje ein delt bolle med salat og kjøtt inni som det ikkje går an å bite over. Nei, det var ei stor skive brød. Oppå den låg det ei skive steik. Så eit par store skeier brun saus og det heile var pynta med tomat og grønt og vi åt det med gaffel og kniv. Det var berre å ringe på hustelefonen og tinge, eller ei serveringsjente i nystroken kvardagsbunad kom inn og tok opp bestilling og betaling.

På lagsrommet var det mest alltid folk. Vi kunne gå oppom og ta ein prat etter ei øving i særlaget, etter kinobesøk eller vi stakk innom når vi var i byen av andre grunnar. Men somme var der «alltid». Lagsromfolket var ein eigen rase. Dei var der alle kveldar og drøfta djupsindige samfunnsspørsmål og kanskje også litt av det lettsindige. Du møtte alltid kjente når du stakk oppom. Det var sentrale lagsfolk, men ikkje alltid betrakta som dei mest aktive. «Tenk om vi kunne få dei på lagsrommet til å gjera noko», sa ei jente i lagsstyret ein gong. Eg trur det var ein urettferdig karakteristikk. Kanskje ideen til drengkaillaget vart unnfanga i det miljøet?

Lagsrommet var ein sambandssentral. På oppslagstavla kunne du finne informasjon om det som gjekk føre seg i laget, men også kommunikasjon av meir privat karakter. Dei færraste hadde telefon heime, og e-posten var ikkje oppfunnen. Bondeungdomslaget åtte hotellet og hotellresepsjonen hadde også ein funksjon knytt til lagsrommet. Der var nøklar til møterom og lagssal og lister for å tinge møterom ol. Dei følgde med kven som kom og gikk og du kunne spørje om dei hadde sett den og den. Vi hadde ikkje mobiltelefon.

Lagsrommet hadde ein lagssosial funksjon. Den er sakna i dag. Redaktør Linda hadde nokre tankar omkring dette i leiaren i Frifant nr. 4/97. Lagsrommet får vi neppe att slik det var. Men kan vi få noko tilsvarande der kontaktar på tvers av særlaga kan knytast og der folk finn samværet så verdifullt at dei kan hekta frå seg maset og prate ei stund?

Olav Mogstad



Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image