Historie

Leikarlaget vart skipa som eige særlag 9. mars 1921. Folkeviseleik, Songdans var ein viktig del av aktiviteten. Noregs Ungdomslag la stor vekt på folkevisedansen, men interessa for bygdedansane auka etterkvart. Fredagsdansen, som vart introdusert i 50-åra, skapte det sosiale miljøet i Leikarlaget og vart ein stor miljøskapande faktor for alle i BUL. Denne var open for alle. Dei som ville gjere meir ut av dansen, var med i Framsyningsringen, som alltid skulle ha eit program klart til framsyning.
Frå 2002 har namnet vore Folkedanslaget. Oppslutninga har heile tida vore påverka av den skiftande interessa for folkedans i samfunnet elles. Aktiviteten har endra seg med åra, og i dag dominerer bygdedansane og lokale variantar av mange typar dansar som ikkje tidlegare vart sett på som høvelege dansar for ungdomslaga.

Frå midt på 90-talet vart det og lagt meir vekt på stegtrening. Litt av bakgrunnen for dette var at laget, som ein av dei største organisasjonane innanfor folkedans i Trøndelag, hadde eit særleg ansvar for å ta vare på dei trønderske dansetradisjonane. Pols har alltid vore populær, men no dansast ikkje lenger berre Rørospols, men Bynespols, Innherredspols og Nordmørspols i Todalstradisjon.

Laget har og stått bak fleire framsyningar og folkedansteater dei siste åra, til dømes «Trønderfæst i 400 år ~ ei fæstforestilling», hausten 2003. Hausten 2004 hadde Folkedanslaget ei viktig rolle i BUL si store 100-års jubileumsframsyning av Peer Gynt.