Hyttedans og folkedanskurs i mars (oppdatert)

 Vårens høgdepunkt i Folkedanslaget er vårvinterdansen som finn stad i BUL-hytta laurdag den 7.mars kl 1930. Før kveldsdansen blir det barnedans frå kl 18 med instruktør Berit Tiller Lundsaunet. Artistar denne kvelden er Einar Olav Larsen (fele/hardingfele), lychelaget toraderlag og Daniel Falcon Græsdal (trekkspel).

 

Onsdag 4.mars: kurs i springar, rudl og parhalling med Siri Mæland

Onsdag 11.mars: årsmøte i hovedlaget

Onsdag 18: kurs i hallingdans med Snorre Kristansen.

Onsdag 25.mars: Polka, galopp og masurka med Sveinung Heide Vaskinn. OBS! Dette kurset blir heldt i lagskontoret i Dronningens gate 23.

Onsdag 1.april: Vi inviterer til dansekveld med GløsTøs og Avvik! Dermed blir det moglegheit til å danse både bygdedans og gammaldans.

 

Alle onsdagsleikene er frå kl 19-21. Pris for Ikkje-medlem: 100 kr
Ikkje-medlem og student: 50 kr. Medlem: Gratis

Me tek kontantar og Vipps (helst det siste).

 

Vel møtt!