Årsmøte i folkedanslaget 30. januar

Årsmøtet i folkedanslaget 2019 blir onsdag 30. januar kl. 19:00 i lagssalen, Søndre gate 22 B.

Alle er velkomne til å møte opp.
Røysterett på årsmøtet har alle medlemer som har betalt årspengar året føreåt og heiderslagsmedlemer.

Årsmelding og foreløpige planar for 2019 ligg ved nedanfor her.
Rekneskap/budsjett og valnemda sitt framlegg til nytt styre kjem seinare eller leggast fram på møtet.


Saksliste:
1.    Møtet opnar
2.    Godkjenning av innkalling og saksliste
3.    Val av
    a.    Møteleiar
    b.    Skrivar
    c.    Teljekorps
    d.    To medlemer til å skrive under protokollen
4.    Årsmelding 2018
5.    Rekneskap 2018
6.    Planar for 2019
    a.    Onsdagar, dansekveldar, helgekurs
    b.    Landskappleik
    c.    Utanlandstur/utveksling med Barcelona
7.    Budsjett 2019
8.    Val

Årsmelding 2018

Foreløpige planar for 2019