Kurs i rørospols 13. februar

Denne onsdagen skal vi lære rørospols!

Pols er ein pardans i tretakt som er veldig vanleg på dansekveldar og dansefestar i Trøndelag. Det er også kjekt å kunne om du tenker deg på Rørosmartnan i februar.

Vi legg opp undervisninga tilpassa nybegynnarar, men dansarar på alle nivå er velkomne til å bli med å danse. Du treng ikkje ha med eigen partnar.
 
Instruktør: Sveinung H. Vaskinn

Tid:
Onsdag 13. februar kl. 19:00-21:00

Stad:
Adressa til BUL-salen er Søndre gate 22 B. Inngangen er frå Carl Johans gate, det er ei grøn dør i Thon-hotel-bygget. Innanfor den grøne døra er det ei trapp ned til dansesalen i kjellaren.

Pris:
Kurset er gratis for medlemmar i BUL.
Ikkje-medlem: 50 kr.