6. september, Oppstartmøte vaksengruppa

6. september kl. 1900 har vi oppstartmøte for prosjekt i vaksengruppa i BUL salen i søndragt. 22B, inngong frå Karl Johansgt.

Her vil vi presentera 3 ulike prosjekt, der vi har som mål å gjennomføre alle. Framdrift og øvingstider vil bli diskutert i møtet.

Gamle og nye medlemmer i teaterlaget er velkomne til å vere med på møtet og melde seg til det prosjektet dei ønsker å vere med på. Dei som er medlemmer vil bli prioritert om det vert for mange som melder seg til eit prosjekt. Dei som vert tekne med utan å vere medlemmer, må melde seg inn og betale medlemskontingent når prosjektet startar opp.

Medlemskontingentet for 2016 er 900 kroner. Den vil auke til 1200 kroner i 2017.

Vel møtt.