Lagsmøtet (1997)

Søndag 16. november 1997 var eg på lagsmøte. Det var triveleg sjøl om det ikkje var så overlag godt regissert. Det førte til mimring. PC-en var for handa og bladstyret varsla om frist for Frifant … Derfor dette skriveriet om ei tid som er forbi og aldri kjem att.

Lagsmøte hadde vi fast annankvar søndag. Lagslova sa at det skulle vera minst 14 møte i året. Møtet var godt annonsert fredagen før med programopplegg og det heile. Vi kom til fots, med trikk eller buss. Få hadde kapital til bil. Dessutan var bilar rasjonert. I garderoben stod dei faste vaktene, eit ektepar, og tok imot ytterkleda, betaling 50 øre. Mellom dørene inn til salen sat lagsskrivaren og selde billettar. Så vidt eg hugsar var det kr 2,50 med mat. Vaktmeisteren på Bondeheimen sto der i tilfelle det skulle vera bruk for han, og på kjøkenet stelte ei av jentene frå kaffestova i stand kaffe og mat. Inne i salen var det kvite dukar, oskebeger, lys og blomster på borda som vaktmeisteren og stovejenta hadde ordna opp i. Ein del folk hadde funne seg plass, kledd i kjole eller skjørt, jakke og slips. Midt på, framme ved talarstolen, litt til venstre sat Sivertsen som eg tykte var gamal. Rett under gallerikanten til høgre sat Jenny og Reidar Hernes og ved dei kvadratiske borda i midten sat ein del velvaksne lagsfolk som også tildels hadde «stambord» … Ungdomen hadde ein tendens til å samle seg rundt veggene. Det vart etter kvart fullt i salen og på galleriet. Det kunne vera frå ca. 100 til 250 tilstades på eit lagsmøte.

Klokka 20.05 slo formannen klubba i talarstolen og opna møtet. Så var det allsong. Lagsfolket reiste seg og song frå utlagte songbøker. Ofte var det tonefølgje frå flyglet ved Kristian Solem. Formannen refererte lagssaker, las møteboka frå siste styremøte og orienterte om programmet for kvelden. Hadde nokon gått bort, vart det sagt minneord. Så vart det kviskra «stopp vifta». Ein frå styret stakk ut og varsla vaktmeisteren. Den tradisjonen har halde seg, bortsett frå at vaktmeisteren er borte.

Programmet var første ein tale. Kall det foredrag eller kåseri. Tema var dagsaktuelle emne, nær sagt kva som helst av samfunnsspørsmål. Ofte var det lagt opp som ei innleiing til ordskifte og det kunne vera livleg. Bolken kunne gjerne bli avslutta med ein ny allsong, ståande. Så vart det kaffe. Vi ungdomane hadde jobben med å servere. Til kaffen var det gjerne ein vaffel og eit kakestykke og/eller tynnlefse. Alt var gjort klart frå kaffestova og vart utlevert frå kjøkenet av ei i kvardagsbunad og stivstroke forklede. Praten gikk livleg rundt borda og folk vart kjende med kvarandre på tvers av særlagsgrensene og informasjon om aktiviteten var lettvint.

Neste post etter koppryddinga, var kunstnarisk. Det kunne vera musikk, song, opplesing eller liknande. Både foredragshaldaren og kunstnaren var ofte «kjendisar» sjøl om det ordet enno ikkje var oppfunne. Det var ikkje kven som helst som slapp til i Bondeungdomslaget! Det var ei ære å få koma og foredragshaldarane fekk sjeldan betaling. Så var det Bondegut, den handskrivne lagsavisa som vart opplesen. Der kunne mangt koma fram og mangt eit ungt lagsmedlem avslørte seg som habile skribentar og opplesarar.

Så rydda vi salen til leik. Leiv Hevnskjel og/eller Kalle Gjønvik drog opp ein marsj på fela, ofte saman med Kristian Solem på flyglet. Mange minnest vel også Magne Skodvin på den plassen. Etter marsjen vart det songdans og turdans. Eit par polsar kunne det bli, men ikkje vanleg runddans. Å nei. Da ville det bli reaksjon. Ikkje dans på lagsmøte. Det var det berre på dei fire tradisjonelle, årlege festane som elles hadde omlag same regi som lagsmøta. Når det nærma seg midnatt og siste trikken skulle gå, tok vi saman til ring og song «Å leva». Så henta vi ytterkleda hos garderobevaktene og gikk, kanskje heimover, kanskje ein omveg i godt følgje. Så mangt kunne skje etter eit lagsmøte i Bondeungdomslaget. Vaktmeisteren rydda opp i Lagssalen.

Olav Mogstad