Lagsliv før i tida

Image

Gjennom 13 utgåver av Frifant har lesarane kunna følgje Olav Mogstad i artikkelserien «Lagsliv for 50 år sidan». Der har han henta fram minne frå ei tid som no er borte – det var før vi «ferskingane» tok over styre og stell i laget. Og det er slett ikkje berre mimring; ein finn alltid ord til opplysing og ettertanke i det som Olav skriv.

Somme har kan hende kome til som lagsmedlemer i laupet av den siste tida. Eller det kan tenkjast at eit Frifant eller to ligg ein annan stad enn der ein la det frå seg sist … Dei det gjeld, kan gle seg over at «Lagsliv … »-artiklane no er tilgjengelege i BUL-veven på Internett.