BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

Lov og føresegner for BUL Nidaros

§ 1 Føremål
Bondeungdomslaget i Nidaros (BUL Nidaros) er eit frilynt lag som skal skape engasjement for, ta vare på og utvikle folkeleg kultur. Arbeidet skal drivast i samsvar med føremålet og prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag. Laget er partipolitisk nøytralt. Laget skal arbeide for bruk av dialekt og det nynorske skriftspråket.
 
§ 2 Laget er innmeldt i Noregs Ungdomslag.
 
§ 3 Medlemer og røysterett
Medlemer er dei som betaler dei fastsette årspengane. Røysterett i hovudlaget har alle medlemer som har fylt 14 år, har betalt årspengane for inneverande år og har minst to månaders medlemsskap.
 
Laget kan kåre heiderslagsmedlemer etter framlegg frå styret. Heiderslagsmedlemer betaler ikkje årspengar.
 
Rådet kan ekskludere ein medlem etter framlegg frå styret. Vedtak om eksklusjon kan appellerast til eit årsmøte.
 
§ 4 Årsmøte 
Årsmøtet er den høgste makta i laget. Årsmøtet skal haldast innan 15. mars kvart år. Innkalling til årsmøte skal gjerast kjend for medlemene gjennom lagsblad/programhefte ev. i elektronisk post eller papirpost, minst fjorten dagar før årsmøtet og dessutan ved oppslag. Jf. § 21.
 
Det kan òg haldast omframt årsmøte etter krav frå lagsstyret, rådet eller minst 1/5 av dei røysteføre medlemene. Det må kunngjerast  minst fjorten dagar før. Når anna ikkje er sagt i denne lova, har omframt årsmøte same makta som eit vanleg årsmøte.
 
Saker som medlemer eller andre vil ha fram for eit vanleg årsmøte, må vere komne inn til lagsstyret innan 1. februar. Alle årsmøtesaker skal liggje framme på
lagskontoret åtte dagar før årsmøtet.
Årsmøtet skal:
 
* Ha føre og gjere vedtak om godkjenning av årsmeldingane frå rådet, hovudlaget, fonda, hytta, særlaga og nemndene.
 
* Godkjenne rekneskapane frå hovudlaget, særlag og nemnder. * Vedta årspengar, arbeidsplan og budsjett for laget.
 
* Velje hovudstyre, rådsmedlemer, revisorar, valnemnd, utsendingar til årsmøte i Noregs Ungdomslag, hyttestyre og andre tillitsvalde som til kvar tid er nødvendige.
 
* Godkjenne styra i særlaga og faste nemnder.
 
* Vedta lover for hovudlaget og føresegner for hyttestyret, særlag og nemnder.
 
* Godkjenne langsiktige avtalar for laget (t.d. om større tilskipingar) og lover for særlaga.
 
* Kåre heiderslagsmedlemer.
 
§ 5 Lagsstyret
Hovudlaget skal ha eit styre som er sett saman av eit arbeidsutval og ein medlem frå kvart av styra i folkedanslaget, songlaget, spelmannslaget, teaterlaget og frå hyttestyret. 
 
Arbeidsutvalet har tre medlemer med to varamedlemer. Leiaren for arbeidsutvalet er og leiar for lagsstyret. Leiaren skal veljast for eitt år, dei andre i arbeidsutvalet for to år, slik at ein er på val kvart år. Varamedlemene skal veljast for eitt år. 
 
Styremedlemene frå særlagsstyra og hyttestyret har personlege varamedlemer frå dei same styra. Desse styremedlemene og varamedlemene skal veljast for eitt år. 
 
Styret vel nestleiar og to representantar til rådet for eitt år frå medlemene i arbeidsutvalet. 
 
Styret fastlegg oppgåvene til arbeidsutvalet og gir det nødvendige fullmakter. Styret er vedtaksført når minst fire medlemer er til stades, medan arbeidsutvalet er vedtaksført når minst to er til stades. Første varamedlem til arbeidsutvalet skal kallast inn til møta i styret og arbeidsutvalet, men har ikkje røysterett når heile arbeidsutvalet møter. Styret fører bok over vedtaka sine og vedtak i hovudlaget. 
 
Styrevedtak skal gjerast kjent for medlemene på den mest høvelege måten. 
 
Styret er ansvarleg for dei verdipapir, midlar og eigedomar som hovudlaget har og som ikkje er lagde inn under noko anna organ i laget. 
 
Styret har ansvar for at eigedomane blir haldne i god stand og forsvarleg trygda. Planar om store påkostnader på eigedomane til laget skal leggjast fram for rådet til godkjenning. Planar om ombygging eller nybygging skal leggjast fram for eit årsmøte til godkjenning. 
 
Styret bind laget med sine underskrifter. Når det er behov for det, skal styret arrangere møte der saker som vedkjem laget og lagsdrifta kan bli drøfta. Dette gjeld òg saker som står på arbeidsprogrammet til Noregs Ungdomslag. 
 
Lagsstyret skal syte for arrangement på tvers av særlaga. 
 
Årsmelding og ettersedd rekneskap for året som har gått, framlegg til arbeidsplan og budsjett for det komande året skal sendast til rådet seinast tre veker før årsmøtet. 
 
 
Årsmelding og rekneskap for Sameiget Dronningensgate 23 skal følgje med som vedlegg til årsmeldinga.
Styret kallar inn leiarane i særlaga, nemndene og hyttestyret til samrådingsmøte minst to gonger i året. 
 
Lagsstyret skal ha årsmelding og budsjettframlegg frå særlaga, BUL-hytta og nemndene før årsmøta i særlaga og seinast innan 1. februar. 
 
Lagsstyret skal sjå til at budsjetta er økonomisk forsvarlege. Avgåande lagsstyre syter for at alle styra og nemndene får skriftleg pålegg om å konstituere seg og sende melding om dette til det nye lagsstyret innan 15. april. 
 
Lagsstyret skal sjå til at laget og særlaga følgjer budsjettet og at likviditeten er forsvarleg. Styret skal syte for at rekneskapsutdrag og økonomiske oversikter for laget og særlaga vert sette opp så ofte som nødvendig. Store avvik frå budsjettet skal meldast til rådet.
 
§ 6 Råd
Eit råd på sju medlemer skal følgje med i alle økonomiske spørsmål og andre saker som har mykje å seie for laget, og gjere vedtak eller kome med tilrådingar i nærare fastsette saker (sjå §§ 3, 5, 9b,17,21)
 
I rådet sit to frå lagsstyret. Dei andre i lagsstyret har møte  og talerett. Leiaren skal veljast på årsmøtet for eitt år. Resten av rådet skal veljast for to år, slik at to rådsmedlemer er på val kvart år. Ein varamedlem skal veljast for eitt år.
 
Rådet vel nestleiar mellom dei beinveges valde rådsmedlemene. Rådsleiaren kallar inn til rådsmøte. Elles skal rådet kallast saman når minst tre rådsmedlemer ber om det. Rådet skal ha minst 3 møte i året. Rådet er vedtaksført når minst fire rådsmedlemer er til stades.
 
Når minst 1/3 av dei frammøtte rådsmedlemer gjer krav om det, skal eit rådsvedtak leggjast fram for eit årsmøte til avgjerd. Eit slikt krav må vere sendt rådsleiaren innan tre dagar etter rådsmøtet.
 
Etter tilråding frå lagsstyret står rådet for tilsettingar og fastset løna.
Rådet skal vedta føresegner for tilsette og revisorar.
 
Rådet skal drøfte framlegg om kjøp eller sal av faste eigedomar for laget.
 
Rådet kan krevje å få lagt fram for seg alle møte  og vedtaksbøker, rekneskapsbøker, kontraktar og andre dokument.
 
Rådet vel blant dei beinveges valde medlemene ein tilsynsmann for BUL-hytta og Frigård Rådet skal vedta føresegner for tilsynsmannen. Etter framlegg frå lagsstyret vel rådet medlem(er) til sameigestyret for Dronningens gate 23.
 
Rådet har ansvar for å velja utsendingar til årsmøte i dei selskapa der laget eig aksjar. Utsendingane skal vere medlemer i laget.
 
§ 7 Val og avrøystingar
Ved val av lagsstyre og råd skal leiaren veljast særskilt.
 
Revisorane kan ikkje veljast inn i noko ombod som har plikt til å leggje fram rekneskap for hovudlaget.
Dei tillitsvalde tek til å verke straks etter årsmøtet i hovudlaget. Alle medlemer kan veljast til ombod.
 
Når ikkje anna er sagt i denne lova, gjer hovudlaget, rådet, og lagsstyret vedtaka sine med vanleg fleirtal. Står røystetala likt, gjer røysta til leiaren utslaget. 
 
§ 8 Ymse
Lagsstyret har råderetten over lagssalen med tilstøytande rom og laget sine lokale i Dronningens gate 23. Styret har ansvar for leigeavtalar for BUL-hytta og Frigård og for lokala i Dronningens gate 23.
 
Søknad om offentleg stønad o.l. til hovudlaget og nemndene skal sendast av lagsstyret.
 
Hovudlaget, særlag og nemnder skal bruke nynorsk i all skriftleg framstilling.
 
Rusmiddel må ikkje seljast eller nytast der hovudlaget eller nokon av særlaga eller nemndene står for tilskipinga.
 
§ 9 Særlag
Det kan skipast særlag i hovudlaget. Dei er ein del av hovudlaget og skal arbeide i samsvar med BUL Nidaros sine lover og føresegner. Særlaga skal i arbeid mellom lagsfolk og i utoverretta verksemd, i lysingar, merke, trykksaker og anna stå fram som ein del av BUL Nidaros. Lovene for særlaga skal leggjast fram for rådet og godkjennast av årsmøtet i hovudlaget.
 
Særlag kan melde seg inn i andre organisasjonar som har same arbeidsoppgåver som særlaget etter vedtak med 2/3 fleirtal på årsmøtet sitt. Slik innmelding skal godkjennast av rådet. Rådsvedtaket kan ankast til eit årsmøte.
 
§10 Dokumentasjon 
Kvart særlag sender fortløpande møtereferat til lagssekretæren som arkiverer dei i papirformat.
 
Styret i hovudlaget peikar ut ein lagsredaktør. Lagsredaktøren har redaksjonelt ansvar for stoff som blir publisert av laget, til dømes på laget sine nettsider.
 
Personlege innlegg som blir publisert av laget skal stå på det målføre innskrivaren ønskjer. 
 
Kopi av alt som blir publisert av laget skal sendast til lagssekretæren, som arkiverer det i papirformat.
 
§ 11 BUL-hytta
Eit styre på fem medlemer skal stå for drifta av BUL-hytta. Leiaren skal veljast av årsmøtet for eitt år. Resten av styret skal veljast av årsmøtet for to år slik at to medlemer er på val kvart år. Dessutan skal det veljast to varamedlemer for eitt år.
Styret vel sjølv nestleiar. Styret er vedtaksført når minst tre medlemer er til stades. Alle vedtak skal bokførast.
 
Føresegner for hyttestyret skal vedtakast av årsmøtet.
Årsmelding og ettersedd rekneskap for året som har gått og framlegg til budsjett for det komande året, skal sendast inn til lagsstyret innan 1. februar. 
Tilsynsmannen for BUL-hytta har møterett og talerett, men ikkje røysterett på møta i hyttestyret. Hyttestyret kan kalle inn tilsynsmannen til møta sine.
 
§ 12 Nemnder
Laget kan ha nemnder som tek seg av ymse særoppgåver. Eit vanleg årsmøte kan opprette og leggje ned nemnder. Leiaren for kvar nemnd skal veljast av årsmøtet for eitt år. Resten av nemnda skal veljast for to år, slik at halvparten av medlemene er på val kvart år. Dessutan skal det veljast varamedlemer for eitt år. Alle nemnder skal føre møtebok.
 
Føresegner for kvar nemnd skal vedtakast av årsmøtet. I føresegnene skal talet på medlemer og varamedlemer vere fastsett. Årsmelding og ettersett rekneskap for året som har gått og framlegg til budsjett for det komande året, skal sendast lagsstyret innan 1. februar. 
 
§ 13 (Ikkje i bruk)
 
§ 14 (Ikkje i bruk)
 
§ 15 Forretningsdrift
Forretningsdrift driven av BUL Nidaros skal trygge økonomien til laget og skaffe pengar til å fremja dei sakene som laget arbeider for. Når laget skal setje i gang nye forretningstiltak, må vedtak om det gjerast på eit årsmøte og med minst 2/3 fleirtal.
 
§ 16 Økonomi
Hovudlaget, særlaga, nemndene i hovudlaget, BUL-hytta , Frigård og fonda skal ha kvar sin rekneskap. Rekneskapane skal vise den verkelege omsetnaden i rekneskapsåret. 
Økonomien skal styrast etter budsjett. Særlaga melder store avvik frå budsjettet til lagsstyret så snart råd er. 
Årsmøtet kan, etter framlegg frå styret, pålegge særlaga og hyttene å budsjettere med ein bestemt sum til hovudlaget. Etter framlegg frå lagsstyret vedtek årsmøtet retningsliner for kor stor del kvart av særlaga og hyttene skal overføre. 
Dersom eit særlag eit år går med underskott, blir underskottet overført i ny rekning.
 
§ 17 Ettersyn
Årsmøtet vel for eitt år to revisorar med varamedlemer. Jf. § 7. Rådet skal vedta føresegner for desse.
 
§ 18 Ikkje i bruk
 
§ 19 Kjøp og sal av fast eigedom
Berre eit årsmøte kan gjere vedtak om kjøp og sal av fast eigedom, og om bygging av hus. Slikt kjøp og sal gjennom aksjar skal godkjennast av årsmøtet. Slikt vedtak krev minst 2/3 fleirtal.
 
§ 20 Oppløysing av laget
Laget kan ikkje løysast opp utan etter samrøystes vedtak, (jf. § 21). Skulle laget bli oppløyst, skal det laget eig setjast av til eit fond. Når dette fondet med tillegg av renter har nådd ein million kroner skal rentene kvart år brukast til å fremje dei hovudformål som laget har arbeidd for, (jf. § 1). Minst halvparten av rentene skal kvart år delast på Sør Trøndelag Ungdomslag og Noregs Ungdomslag. Leiarane i dei laga som her er nemnde, skal styre fondet og stå for utdelinga.
Elles skal fondet stå under tilsyn av Noregs Ungdomslag. Kjem laget i gang att med same lov som ved oppløysinga innan ti år etter at det er oppløyst, får det råderetten over fondet.
 
§ 21 Endringar eller tillegg
Endringar i eller tillegg til denne lagslova kan berre eit vanleg årsmøte gjere. Eit slikt vedtak krev minst 2/3 fleirtal. Paragrafane 1 (føremålsparagrafen), 20 (om oppløysing av laget), 21 (om endringar eller tillegg) og 22 (om tolking) kan ikkje endrast utan at to vanlege årsmøte etter kvarandre gjer same vedtaket og det med minst 4/5 fleirtal. Alle endringar eller tillegg må godkjennast av styret i Sør Trøndelag Ungdomslag. Framlegg til endringar i eller tillegg til denne lagslova skal kunngjerast minst ein månad før årsmøtet, og skal leggjast fram for rådet før årsmøtet tek si avgjerd.
 
§ 22 Tolking
Når minst ti røysteføre medlemer ber om det, skal tolkingsspørsmål som denne lagslova gir høve til, leggjast fram for styret i Noregs Ungdomslag. Den avgjerda som dette styret tek, har bindande verknad. Denne paragrafen gjeld enda om laget skulle kome til å melde seg ut av Noregs Ungdomslag.
 
 
FØRESEGNER FOR REVISORANE
 
§ 1. Bilagskontroll
Alle utgiftsbilag skal vere attesterte, nummererte og påførte kontonummer, ev. særlag og prosjektnummer. Alle inntektsbilag som td. gjeld billettsal ved tilskipingar, loppemarknad, fotskatt mm. skal vere underskrivne av to personar. Dersom pengane er sett inn på bankkonto skal bankbilaget vere hefta ved og levert til lagskontoret. Revisorane skal kontrollere at alle utbetalingar er i samsvar med lov, lags- eller årsmøtevedtak.
 
§ 2. Avstemming
Revisjonen skal kontrollere at alle bankkonti samt postgiro og kasse stemmer med rekneskapen. Bilagskontroll og avstemming av bankkonti skal òg gjerast 30.06.
 
§ 3 Fonda
Revisorane skal kontrollere at fonda blir brukte etter vedtak og føresegner. Til dømes regulerer føresegnene bruken av pengar frå finansfondet til lagsdrifta.
 
§ 4 Rapportering
Revisorane gjev årleg melding til årsmøtet. Mindre merknader gjennom året blir tekne opp med kassestyraren og halvårsmelding blir sendt til lagsstyret. Revisorane fører revisjonsprotokoll.
 
 
FØRESEGNER FOR HYTTESTYRET
 
§ 1 Hyttestyret står for den daglege drifta av BUL-hytta og syter for vøling og vedlikehald.
 
§ 2 Vedlikehaldet av hytta skal følgje ein vedlikehaldsinstruks. Endringar i vedlikehaldsinstruksen skal leggjast fram for lagsstyret og godkjennast av rådet. Større arbeid og påkostnader må godkjennast av lagsstyret. (jf. § 5, 6. leden i lagslova) Årsmeldinga skal innehalde ein tilsynsrapport for Hytta.
 
§ 3 Kjem det opp saker som hyttestyret og lagsstyret ikkje blir samde om, kan ein av partane leggje saka fram for rådet.
 
§ 4 Hyttestyret set opp føresegner for dagleg drift og ettersyn, prisar, reinhald osv. Leiaren skal vere fri for hyttevakt. Hyttestyret vel seg i mellom ein medlem for eitt år til tur- og friluftsnemnda.
 
§ 5 Lovene (såleis òg rusmiddelføresegnene) til hovudlaget og Noregs Ungdomslag gjeld for BUL-hytta
 
 
FØRESEGNER FOR BUNADNEMNDA
 
§ 1 Bunadnemnda skal arbeide for å styrke den norske bunadtradisjonen både i og utanfor BUL Nidaros. Dette skal gjerast ved å oppmode fleire til å få seg bunad, spreie opplysning om dei ulike bunadene og gje råd når det gjeld rett utforming av bunader, val av vyrke og utstyr.
 
§ 2 Bunadnemnda har det praktiske og økonomiske ansvaret for bunadarbeidet i laget.
 
§ 3 Bunadnemnda har ansvaret for utleige av bunadene til laget etter retningsliner godkjente av lagsstyret.
 
§ 4 Bunadfondet Bunadnemnda rår over bunadfondet, jf. vedtektene for dette fondet.
 
§ 5 Nemnda skal ha to medlemmer der den eine er leiar.
 
§ 6 Dersom bunadnemnda blir nedlagt, skal bunadene gå attende til folkedanslaget.
 
 
FØRESEGNER FOR TUR OG FRILUFTSNEMNDA
 
§ 1 Tur- og friluftsnemnda skal styrkje og stimulere tur- og friluftslivet i BUL i Nidaros.
 
§ 2 Nemnda skal i tillegg til leiaren ha ein medlem og ein varamedlem.
 
§ 3 Nemnda administrerer og står for drift og vedlikehald av utferdsstader som laget eig eller leiger. For dette gjeld same føresegner som for hyttestyret. Nemnda knyter til seg tilsynsmannen for BUL-hytta og Frigård på same måten som hyttestyret.
 
§ 4 Vedlikehaldet av Frigård skal følgje ein vedlikehaldsinstruks. Endringar i vedlikehaldsinstruksen skal leggjast fram for lagsstyret og godkjennast av rådet. Større arbeid og påkostnader må godkjennast av lagsstyret. Årsmeldinga skal innehalde ein tilsynsrapport for Frigård.
 
 
FØRESEGNER FOR TEKNISK NEMND
 
§ 1    BUL Nidaros som eigar av seksjonen i Dronningens g. 23 og leigar av BUL-salen, skal følgje offentlege krav til tryggleik i lokala. Det gjeld spesielt lov om tilsyn med elektrisk anlegg og elektrisk utstyr,og brann-og eksplosjonsvernlova. Lagsleiaren har det øvste ansvaret, og teknisk nemnd ved leiaren har det praktiske ansvaret for at laget sine lokale er i god stand og stettar krava i offentleg lov.
 
§ 2 Nemnda skal i tillegg til leiaren ha tre medlemmer.
 
§ 3 Teknisk nemnd skal ha tilsyn med og syte for vedlikehald av lokala i Søndre gate 22 B og Dronningens gate 23 når det gjeld lys, varme og ventilasjon, alt audiovisuelt utstyr som hovudlaget eig, og elles ha tilsyn med inventar og utstyr.
Det elektriske anlegget skal kontrollerast etter sjekkliste ein gong i året. Når vedlikehald som eigaren ikkje har lov til å utføre sjølv er nødvendig, må fagfolk tilkallast.
 
§ 4 Nemnda skal ha ein plan for tilsyn og vedlikehald av rom og utstyr. Planen skal fornyast når det trengst og leggjast fram for lagsstyret og godkjennast av rådet. Nemnda fører inventarliste. Andre arbeidsoppgåver skal vere sette opp i eigen rutine. Årsmeldinga frå teknisk nemnd skal innehalde ein tilsynsrapport for lagssalen.
 
§ 5 Nemnda skal utarbeide instruks for brukarar av lagssalen. Instruksen skal godkjennast av lagsstyret.
 
§ 6 Kvar haust kallar teknisk nemnd inn alle særlaga til eit orienteringsmøte. Avvik frå krav til rydding i lagssalen skal rapporterast skriftleg på eige skjema til lagsstyret av den som oppdagar avviket.
 
 
FØRESEGNER FOR FOND
 
FINANSFONDET
 
§ 1 Kapital
Grunnkapitalen i fondet er eit resultat av avviklinga av Trønderheimen og Gildevangen. Avkastinga på fondsmidlane blir lagt til fondet. Fondet skal i hovudsak nyttast til drift og utvikling av laget.
 
§ 2 Løyvingar
Berre eit årsmøte kan løyve frå fondet. Ein bør så langt råd er sjå til at realverdien på fondet blir halden oppe. Det krevst 2/3 fleirtal for å:
løyve til føremål utanom laget
løyve meir i løpet av eit år enn nettoavkastinga siste året. (Nettoavkastinga er det som er att når det er korrigert for fall i realverdien til fondet)
Om avkastinga etter løyvingar eit år fører til at realverdien på fondet stig, kan årsmøtet neste år løyve tilsvarande til styrking av varafondet.
 
§ 3 Forvaltning
Fondet blir forvalta av lagsstyret. Alle omplasseringar skal godkjennast av rådet på førehand. Uttak frå eller flytting av midlar på fondet, skal underskrivast av lagssekretær og lagsleiar.
 
§ 4 Endring av føresegner
Berre eit vanleg årsmøte kan endre føresegnene og da med minst 2/3 fleirtal.
 
VARAFONDET
 
§ 1 Føremål
Varafondet er eit reservefond som skal sikre drifta av laget sjølv om det eit år blir uføresette utgifter. Fondet kan òg nyttast til finansiering av store innkjøp.
 
§ 2 Kapital
Fondet blir styrka ved løyvinga frå finansfondet (sjå føresegner for finansfondet § 2, siste ledd), eller ved avsetting frå drifta førre år når resultatet tilseier det.
 
§ 3 Løyvingar
Berre eit vanleg årsmøte kan løyve frå fondet. Løyvingar skal gå til:
1 Styrking av finansfondet om realverdien til dette elles vil gå ned.
2 Dekking av underskot for hovudlaget førre år.
3 Finansiering av store innkjøp.
4 Særskilde løyvingar til tiltak i eller utanom laget.
Det krevst 2/3 fleirtal til løyvingar i pkt. 3 eller 4.
 
§ 4 Forvaltning
Fondet blir forvalta av lagsstyret. Alle omplasseringar skal godkjennast av rådet på førehand.
 
§ 5 Endring av føresegner
Berre eit vanleg årsmøte kan endre føresegnene og da med minst 2/3 fleirtal.
 
 
VEDLIKEHALDSFONDET FOR BUL-HYTTA
 
§ 1 Kapital og føremål.
Fondet vert bygt opp ved at laget regelmessig set av pengar til det.
 
Føremålet med fondet er å sikre eit godt vedlikehald av BUL-hytta. Fondet skal først og fremst brukast til større arbeid der det er naturleg å fordele kostnadene over fleire år.
 
§ 2 Løyvingar frå fondet.
Lagsstyret kan løyve frå fondet, etter framlegg frå hyttestyret. Skal det eit år løyvast meir enn 1/5. av verdien av fondet, skal det gjerast av eit årsmøte.
 
Løyvingar skal nyttast til større vedlikehald og utskiftingar, eller for å vøle uventa skade. Vanleg vedlikehald som er omtala i vedlikehaldsinstruksen, bør dekkjast over driftsbudsjettet.
 
Før det blir løyvt frå fondet, skal det vere laga plan og kostnadsoverslag for arbeidet som skal utførast (jf. òg § 2 i føresegnene for hyttestyret og § 5, 6. leden i lagslova).
 
§ 3 Nyinvestering i BUL-hytta
Dersom vedlikehaldsfondet byggjer seg opp til ein sum som er større enn det ein meiner er nødvendig, kan pengar frå fondet nyttast til investeringar i BUL-hytta.
 
 
KURS OG REISEFOND  (Folkedanslaget)
 
Fondet kan brukast som ein økonomisk garanti for å kunne sende medlemer av Folkedanslaget på kurs i tilfelle der økonomien eigentlig ikkje tillet nødvendig utdanning av rettleiarar.
I tillegg er det mogleg å belaste dette fondet dersom Folkedanslaget må betale for spelemann og instruktør ved reiser i inn  og utland, og ved øving før slike reiser.
 
DRIFTS – OG VEDLIKEHALDSFOND DRONNINGENS GATE 23/ 
SØNDRE G. 22 B
 
§ 1 Føremål
Føremålet med fondet er å stø drift og vedlikehald av laget sine partar og lagsrom i eigedomen i Dronningens gate 23 gnr. 402, bnr 281 snr 1 og 2 i Trondheim og vedlikehald av dei lokala laget disponerer i Søndre g.22 B gnr. 401/314 i Trondheim.
 
§ 2 Kapital
Grunnkapitalen kjem frå vederlag for utflyttinga frå lagsrom og lagskontor i Søndre g. 22 B i 1991. Avkastinga av fondsmidlane skal leggjast til fondet etter at drift av Dronningens gate 23 er dekt.
 
§ 3 Forvaltning
Fondet blir forvalta av lagsstyret på en slik måte at verdien av kapitalen blir halden oppe. Alle omplasseringar skal godkjennast av rådet på førehand. Dersom dette målet kjem i konflikt med målet i § 1, skal omsynet til å halde verdien av kapitalen oppe, vege tyngst.
 
§ 4 Løyvingar
Berre eit vanleg årsmøte kan gje løyvingar frå fondet ut over avkastinga av fondet for siste året.
 
§ 5 Endring av føresegner
Føresegnene kan berre endrast av eit vanleg årsmøte med 2/3 fleirtal.
 

BUNADFONDET
 
§ 1 Bunadfondet
Bunadfondet skal nyttast til å skaffe og vedlikehalde bunader, til opplysningsarbeid omkring bunader og folkedrakter og til arbeid med å fremje bunadsaka. Bunadnemnda rår over bunadfondet. Eventuelt overskot av bunadutleige skal overførast til bunadfondet.
 
Retningsliner for utleige av bunader
Utleigepris: 
Fritt lån av bunad for medlemer i BUL Nidaros som dansar framsyning eller representerer laget på annan måte. 
NU arrangement: medlemer gratis, ikkje-medlemer betalar 20% av rettleiande pris.
Bryllaup eller andre store arrangement utanfor NU: medlemer betalar 20% av rettleiande pris, ikkje-medlemer betalar 50% av rettleiande pris. Rettleiande pris er gjeldande pris for leige av smoking. 
Nye utleigeprisar blir fastsette av bunadnemnda etter årsmøtet i laget. Bunadnemnda har høve til å avvike frå retningslinene dersom dei tykkjer standarden på bunadene krev dette. Leiga skal betalast på forskot.
Lengde av leigeforhold: 
Bunadane skal leverast attende så snart som råd og seinast ei veke etter bruk. Skjorte og strømper skal då vere vaska. Bunadnemnda har høve til å inngå spesielle leigeavtalar (ved utleige av bunader til barn, ved reiser osb.) og eventuelt setje pris på dette. Dersom same person tenkjer å nytte bunaden meir enn 3   7 gonger i same leigeperiode, skal bunaden, etter avtale med bunadnemnda, rensast før innlevering.
 
Erstatningsplikt: 
Tapte/øydelagde delar skal erstattast av leigar, prisar blir fastsette samtidig med utleigeprisane.
 
Oppbevaringsplass for bunadene: Bunadane skal oppbevarast i låst skap i lagslokala i Dronningens gate 23, eller annan trygg stad.
 
Leigeinntekter: Leigeinntekter skal nyttast til forsikring av bunadene og vedlikehald av desse. Eventuelt overskott skal overførast til bunadfondet.
 
 
FØRESEGNER FOR TILSYNSMANNEN FOR BUL-HYTTA OG FRIGÅRD
 
§ 1 Føremål 
Føremålet med stillinga er å sikre det jamne vedlikehaldet av BUL-hytta og Frigård, og ha ein rådgjevar til hyttestyret. Organisering og framdrift i vedlikehald er vel så viktig som fagleg rettleiing.
 
§ 2 Omfang
Vervet omfattar alt vedlikehald på tomt, bygningar og inventar. Tilsynsmannen skal sjå til at vedlikehaldsinstruksen er dekkande, dersom ikkje skal han gjere framlegg om endring.
 
§ 3 Ansvar
Tilsyn og vedlikehald er hyttestyret sitt ansvar. Tilsynsmannen signerer tilsynsrapporten, og han kan ha eigne merknader i rapporten.
 
§ 4 Oppgåver
Tilsynsmannen deltar på årleg tilsynsgjennomgang på Hytta og Frigård, og i det møtet etterpå om set opp arbeidsplanen for vedlikehaldet. Om styret ikkje kallar inn til tilsyn etter fristane, skal tilsynsmannen kalle inn til slik samling.  Tilsynsmannen skal gje råd om vedlikehaldsarbeidet, og kan kallast på av styret når det trengst.
 
 
 
 
 
 



Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image