BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Barne- og ungdomsgruppene

Vi har 6 barne- og ungdomsgrupper i teaterlaget. 
- Dei 3 barnegruppene har ungar frå 6 til 12 år. 
- Ungdomgruppene har ungdommar mellom 13 og 18 år. 
Det er omkring 10 deltakarar i kvar gruppe.  

 

Instruktørane i desse gruppene er medlemmar i teaterlaget. Gruppene har sine eigne oppsetjingar kvart år, der dei sel biletar til alle som vil kome å sjå. Nokre gongar har vi også større oppsetjingar på tvers av gruppene, og mange av dei over 10 år er kvart år med på Sommarteateret på Munkholmen.

Sidan gruppene held fram fra år til år, vert det berre teken inn nye når nokon sluttar. Det vil seie at ventelistene kan verte lange og at vi ikkje klarar å tilby alle som ønskjer det, plass. Men ønsker du å bli med, send ein e-post til: 
teaterlaget@bulinidaros.no

Dei som er med i barne- og ungdomsgruppene betalar ordinær medlemskontingent til Teaterlaget i BUL. I tillegg er kvar gruppe avhengig av at foreldra deltek i praktiske oppgåver rundt teaterframføringane til gruppene. Slike oppgåver kan vere rigging av scene og publikums amfi, sying av kostyme, sal av billettar og baking av kake. Det kan og vere oppgåver med å hjelpe skodespelarane under forestilling med skift, sminke og så vidare.

I tillegg har vi som medlemmer i BUL ansvar for vedlikehald av BUL-salen og lagskontoret. Dette innebærer at vi må arrangere dugnader der alle må ta sin del.

 Image

 Frå "Bugsy Malone", eit samarbeid mellom gruppene våren 2012.

 




Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image