BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

Kurs og leikkveldar

Folkedanslaget sine faste øvingar er:

·       Onsdagsleik

·       Veterandans

·       StorFolk

·       FamilieFolk

 

Onsdagsleiken er kvar onsdag og er for ungdom og vaksne. Her er det enten eit kveldskurs i ein dans eller ein spelemann som spelar opp til dans. Alle dansarar er velkomne, uansett nivå. Ein treng ikkje ha med partnar.

 

Onsdagsleiken varer frå 19.00 – 21.00 og har ofte ein pause midt i med kaffi og kake.
Stad: Søndre gate 22 B (ved Thon hotel Gildevangen).

 

For medlemmar er dette gratis.
Er ein  ikkje medlem kostar det 50 kr å delta

Veterandansen, StorFolk og FamilieFolk kan ein lese meir om under lenkane over.


Vil du stå på e-postlista vår og få tilsendt informasjon om kva for aktivitetar vi har, send ein e-post til dansbulnidaros@gmail.com


Vår 2019

Program for folkedanslaget våren 2019.

Les meir»

Barnedans måndagar i oddetalsveker frå 14. januar

Vi har opplegg i folkedans for barn i alderen 3 til 10 år. Vi bruker mykje song, dans og leik. Alle dansarar er velkomne, både nye og gamle!

Les meir»

Kurs i runddansar 6. februar

Denne onsdagen får vi kurs i runddansar :) Dansarar på alle nivå er velkomne! Du treng ikkje ha med eigen partnar.

Les meir»

Helgekurs i rørospols 8.-9. februar

Vi gjentar suksessen frå tidlegare år, og får med oss Heidi og Svein til å halde kurs i rørospols andre helga i februar!

Les meir»

Songdans og turdans 10. februar

Dansarar i alle aldrar er velkomne :)

Les meir»

Kurs i rørospols 13. februar

Denne onsdagen skal vi lære rørospols! Pols er ein pardans i tretakt som er veldig vanleg på dansekveldar og dansefestar i Trøndelag. Det er også kjekt å kunne om du tenker deg på Rørosmartnan i februar.

Les meir»

Songdans og turdans 6. mars

Denne onsdagen blir det instruksjon i turdans og songdans!

Les meir»

Songdans og turdans 10. mars

Dansarar i alle aldrar er velkomne :)

Les meir»

Kurs i skotske dansar 20. mars

Det blir ceilidh, reel og kanskje ein St. Bernard's waltz om vi rekk :)

Les meir»

Songdans og turdans 7. april

Dansarar i alle aldrar er velkomne :)

Les meir»

Songdans og turdans 12. mai

Dansarar i alle aldrar er velkomne :)

Les meir»

Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image