BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

Lagsliv før i tida

Image

Gjennom 13 utgåver av Frifant har lesarane kunna følgje Olav Mogstad i artikkelserien «Lagsliv for 50 år sidan». Der har han henta fram minne frå ei tid som no er borte – det var før vi «ferskingane» tok over styre og stell i laget. Og det er slett ikkje berre mimring; ein finn alltid ord til opplysing og ettertanke i det som Olav skriv.

Somme har kan hende kome til som lagsmedlemer i laupet av den siste tida. Eller det kan tenkjast at eit Frifant eller to ligg ein annan stad enn der ein la det frå seg sist … Dei det gjeld, kan gle seg over at «Lagsliv … »-artiklane no er tilgjengelege i BUL-veven på Internett.


Årsmøtet (2001)

Årsmøtet er høgste makta i laget. Årsmøte har det vel alltid vore. Årsmøtet i år er det femtiande vanlege årsmøtet etter eg vart medlem i Bondeungdomslaget. Eitt og anna omframt årsmøte har det også vore. Grunnlaget for årsmøta har vore det same, §4 i lag

Les meir»

Stemneturar (2000)

I sommar var det stemne i Noregs Ungdomslag i Stavanger. Der var vi eit par handfull medlemer i Bondeungdomslaget i Nidaros. Vi var faktisk fleire sist det var stemne i Stavanger, i 1956. Landsstemnet var og er ei storhending i NU med årsmøte der ein ser

Les meir»

Idrettslag. Tur- og friluftsnemnd. (2000)

Denne gongen vil det bli lite samsvar mellom tittelen på denne serien og innhaldet. Det får våge seg om tidsspennet blir hundre år og meir til.

Les meir»

Utferder i lokalområdet (2000)

«Kjenn landet ditt» var eit slagord i gamle dagar. Dei fleste kjente berre bygda si. Mor mi trur eg aldri hadde reist dei tolv mila til Trondheim før eg flytta hit.

Les meir»

Spelmannslaget (2000)

Spelmannslaget vart skipa i 1954, så det er dårleg dekning for overskrifta, men eg skriv likevel litt om korleis vi hadde det dei første åra.

Les meir»

Studiearbeidet (1999)

Da ungdomslagsrørsla voks fram i slutten av førre århundret, var trongen til fri opplysning ei av dei sterkaste drivkreftene. Ønskjemålet var frilynde i åndslivet

Les meir»

Forretningsdrifta (1999)

Da bondeungdomslaga i byane vart skipa rundt førre århundreskiftet, var eit føremål å gi innflyttarungdomen ein tilhaldsstad. Det kravde hus. Og var folket først samla i hus, måtte det også vera mat å få. Slik voks lagsbruka fram.

Les meir»

Hytta (1999)

Hytta har i over åtti år hatt ein sentral plass i lagslivet. Eller kanskje vi må snakke om hyttene. Den gamle hytta låg i Uglamarka. Bygd i ville skogen mellom Lianvatnet og Ugla, tatt i bruk i 1915

Les meir»

Teaterlaget (Spellaget) (1999)

Teaterlaget feira nittiårsjubileum midt i november. Frisk fest og framsyning med kavalkade over fortida. Verkeleg triveleg. Eg kunne sjølvsagt ikkje unngå å minnast gamle dagar.

Les meir»

Fredagsleik (1998)

Leikarlaget hadde to leikøvingar for veka. Fredagsringen var for alle. Framsyningsringen eller særringen som øvde om onsdagane, var for dei utvalde.

Les meir»

17. mai (1998)

Grunnlovsdagen, nasjonaldagen 17. mai har alltid stått sentralt i den frilynte ungdomsrørsla. For Bondeungdomslaget i Nidaros har han vore, og er, ein stor festdag.

Les meir»

Lagsrommet (1998)

Eit sentralt element i lagslivet, var lagsrommet.

Les meir»

Lagsmøtet (1997)

Søndag 16. november 1997 var eg på lagsmøte. Det var triveleg sjøl om det ikkje var så overlag godt regissert. Det førte til mimring. PC-en var for handa og bladstyret varsla om frist for Frifant … Derfor dette skriveriet om ei tid som er forbi og aldri k

Les meir»

Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image