BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

Spelmannslaget

Spelmannslaget har eiga nettside: Spelmannslaget BUL i Nidaros

Spelmannslaget øver kvar måndag frå 19.00 til 21.30 i lokalene til Rff-senteret i Idrettsbygget på Dragvoll. Ta heisen opp i 4. etasje og finn kantina. Midt i øvingskvelden er det pause med kaffi, te og litt å bite i. I denne økta blir det gitt orientering frå styret og andre. Musikken som blir spela er tradisjonsmusikk, stort sett frå distriktet vårt, som er Trøndelag. Instrumenta er fele, trekkspel, bass, gitar, zither og tussefløyte. Det blir lagt vekt på godt samspel, rytme og melodiføring. Det kan òg bli gitt innføring i spelteknikk. Musikalsk leiar, som nå er Gunvor Røkke, er ansvarleg for øvingsopplegget i samsvar med arbeidsprogrammet.

Spelmannslaget har ei lov og eit arbeidsprogram som grunnlag for aktiviteten. Arbeidsprogrammet blir drøfta og revidert på kvart årsmøte. Arbeidet blir leidd av eit styre på tre personar med to vara. Spelmannslaget spelar på øvingskveldane til Folkedanslaget i BUL, dansekveldar i BUL og deltar på kappleikar, Landsfestivalen i gammaldansmusikk, konsertar og veldedigheitsspeling. Vi reiser på turar og har andre sosiale samkomer. Alle er medlemer i BUL og kan ta del i aktiviteten der. Spelmannslaget samarbeider mest med Folkedanslaget.


Spelmannslaget tek på seg dansespel
og kan presentere norsk folkemusikk utanfor miljøet, til dømes på festar, kongressar og liknande. Ta kontakt!


Har du lyst til å spele saman med oss? Ta ein prat med vår leiar.

Nyårsfest 20. januar 2018

Det blir gammaldansmusikk, swing, tango, songdans, turdans og god stemning.

Les meir»

Spelmannslaget 60 år!

Les meir»

60-årsjubileum

Spelmannslaget har 60-års jubileumsfest 20. september 2014

Les meir»

Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image