BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

Kurs i samdansteknikk og norsk folketango 7. november

Kor mange har du krasja med på eit dansegolv før?
Eller kanskje du har ført ein tur der responsen har vore riv ruskande gal, og du som følgde lurte på kva i alle dagar som skjedde, eller rettare sagt burde skjedd?? Slutt å lure, løysinga er her!

Vi arrangerer kurs i generell pardansteknikk. Det blir blant anna fokus på å føre og følge, og korleis ein kommuniserer på et dansegolv. Uansett kor lenge ein har dansa er dette veldig nyttig input for alle som driv med pardans, i alle stilartar.

Denne onsdagen vil vi gå gjennom ei rekke morosame og varierte aktivitetar som set fokus på forskjellige aspekt ved det å danse. Kurset passar for alle, og ein kan komme utan partnar.

Og så skal vi lære oss norsk folketango, for tango meiner vi er essensen av all pardans. «All dans er tango. Kan ein tango, kan ein danse til alt». Kom og sjå om du er einig!

Stad:
Adressa til BUL-salen er Søndre gate 22 B. Inngangen er frå Carl Johans gate, det er ei grøn dør i Thon-hotel-bygget. Innanfor den grøne døra er det ei trapp ned til dansesalen i kjellaren.

Tid:
Onsdag 7. november 2018
kl. 19:00-21:00

Pris:
Kurset er gratis for medlemmar i BUL og NTNUI
Ikkje-medlem: 50 kr.

Vi tar kontantar og VIPPS.

Arrangørar:

Folkedanslaget i BUL Nidaros og NTNUI Swing og Folkedans



Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image