BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

BUL-hytta på Lian

Nokre hundre meter innafor Lian Restaurant er ein bom på venstre side av vegen. Der turvegen mot Grønlia tek av frå bilvegen, finn du bommen og da er det 100 meter ned til hytta. Frå endestasjonen til Liantrikken tek det omlag 15 minutter å gå dit.

Hytta er nesten 400 m2 og har:

Stort kjøken med to komfyrar, kjøleskap (frysar finn du i sokkelen), oppvaskmaskin for storkjøken og god benkeplass. Det er service og bestikk til ca. 100 personar.

I storstova kan du dekke til minst 60 personar. Der finn du og eit gammalt piano og musikkanlegg med CD-spelar.

Peisestova har plass til omlag 30 personar. den har stor vinkelsofa med sofabord og stolar og eit stort langbord med sittebenkar.

Sokkelen innheld 5 soverom, kvar med 4-6 senger, tilsaman er det 25 sengeplassar. Det er også ekstra madrassar for den som vil ligge på flatseng.

Dusjane og badstova finn du i sokkelen og det er toalett både i sokkel og i 1. etg.

Utleigeprisar:
Døgnpris med overnatting  helg 4500 kr første døger og 3500 dei neste
Døgnpris vekedagar 3500
Heile dagen 3000 kr
Ein kveld/halve dagen kr 1750
Det kan avtalast eigen pris for lange leigeperiodar.

ImageImageImage

ImageImageImage





Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image