BUL Nidaros

Bondeungdomslaget i Nidaros (nå BUL Nidaros) vart skipa i 1904. BUL Nidaros har til føremål å samle barn og ungdom i alle aldrar til eigenaktivitet i eit godt og rusfritt miljø og å ta vare på norsk kultur og norsk mål.

BUL Nidaros har i dag tre særlag: teaterlaget, spelmannslaget og folkedanslaget. Vi eig også ei hytte på Lian som leigast ut, og vi driv utleige av bunadar og sal av bunadsstoff. 

Hytta

BUL eig ei hytte på Lian. Denne leigast ut til privatpersonar og organisasjonar. 

Bunadsnemda

Vi har stoff til bunad til sals og leier ut to bunadar.

Kva skjer i særlaga?

I år er det 40 år sidan Teaterlaget i BUL i Nidaros sette opp si første framsyning på Munkholmen! Den gongen spelte me Fangen på Munkholmen av Berit Østberg, og visste ingenting om kva for ein fantastisk tradisjon me hadde sett i gang.