BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

Anne Franks dagbok med ungdomsgruppe 3


ANNE FRANKS DAGBOK
2. juni 1942
«Jeg håper at jeg kan betro deg alt, slik jeg aldri har kunnet betro meg til noen før. Og jeg håper du vil bli en god støtte for meg.» Anne Frank
Dette er dei første orda Anne skriv i dagboka som ho fekk av faren til 13-årsdagen sin. Då krigen starta, var ho ei lita jente – då krigen var over, var ho stemmen til ein heil generasjon.
Anne Frank vart fødd i Tyskland i 1929. I 1933 kom Adolf Hitler til makta i Tyskland, og etter anti-jødiske demonstrasjonar og stadig større jødehat, flytta familien til Amsterdam i 1934. Anne og den tre år eldre systera Margot begynte på skule i Amsterdam. Dei var svært ulike. Margot var stille og roleg og flink med tal. Anne var høglydt og engasjert, og flink med lesing og skriving.
I mai 1940 invaderte Tyskland Nederland, og no vart jødane forfølgt her òg. Okkupasjonsmakta innførte strenge reglar og lovar som jødane måtte følgje. Dei jobba aktivt for å skilje jødar og ikkje-jødar. Det kom også ei lov som ikkje tillèt jødiske barn å gå på same skule som ikkje-jødiske barn. I juli 1942 fekk Margot ei innkalling frå «Sentralkontor for jødisk emigrasjon» til tvangsarbeid i Tyskland. Dermed måtte familien i hui og hast gå i dekning. Det gjorde dei i eit anneks bak firmaet til faren, Otto Frank, sitt kontor i Prinsengracht 263. Her vart dei verande i 2 år. Saman med dei levde òg ekteparet van Daan og sonen Peter, samt tannlegen Dussel.
Den 4. august 1944 vart skjulestaden deira oppdaga. Nokon hadde tysta. Dei vart arresterte, og ein månad seinare vart dei sendt til konsentrasjonsleiren Auschwitz. Seinare vart Margot og Anne sendt vidare til konsentrasjonsleiren Bergen-Belsen.
Berre faren Otto Frank overlevde.
Denne historia er for viktig til å gløyme, og derfor har ungdomsgruppa i Teaterlaget i BUL valt å setje opp «Anne Franks dagbok» i år. Vi håpar at mange av dagens skuleelevar vil kome og sjå vår versjon av forteljinga om Anne Frank.

Dei som er med:
Sigrid Farstad,Randin Kummeneje,Mari Haug Sagdalen,Frid Storø,Thale Kummeneje,Arild Johansen,Ola L Vollan Bekken,Johann Myklebust,Robin von Bargen,Berit Mogstad Loktu

ANNE FRANKS DAGBOK
BUL-salen, Gildevangen, Søndre g 22B
• Fredag 28. mars kl. 18.00
• Laurdag 29. mars kl. 18.00
• Søndag 30. mars kl. 18.00
• Måndag 31. mars kl. 18.00
• Tysdag 1. april kl. 18.00
Billettar: ilamarit@live.no eller ved inngangen
Vaksne kr 100
Barn/student/honnør kr 50



Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image