BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

Ti små negerbarn av Agatha Christie


Ti menneske ukjente for kvarandre skal feriere på ei lita øy utanfor Devon. Men vertskapet kjem ikkje. Ei ukjent stemme frå ei grammofonplate skyldar alle gjestane for mord. Plutseleg begynner folk å døy. Mord! Ti menneske samla på ei øy med ein ukjend mordar. Dei tør ikkje lenger stole på kvarandre.

«Ti små negerbarn» er skreve av krimdronninga Agatha Christie. Det er ein ordentleg triller, men også med ein del komikk. Dette har ungdomsgruppa i teaterlaget i BUL jobba med dei siste månadane. 10 ungdommar i alderen 14 -17 år har saman med instruktørane Maria Soot-Ryen og Thea Harnes André tatt denne spanande forteljinga frå romanen og opp på scenegolvet.
Førestillinga vert spela i BUL-salen i Søndre gate 22B med premiere fredag 7. mars kl 19.

Spelast også:
Laurdag 8. mars kl. 19
Søndag 9. mars kl. 15
Tysdag 11. mars kl. 19
Onsdag 12. mars kl. 19

Vaksne: 100 kr, student/honnør: 70 kr,
Billettar kjøpast i døra (kun kontant)

Dei som er med: Guro Vesterhus, Mikkel Gaustad, Berit Mogstad Loktu, Hannah Aune, Signe Berg Vårvik, Tommy Grøtnes, Sara Solli, Eivor Hellesnes Molden, Gard Svanholm Øvrehus, Nora Hjelme.



Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image