BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

Årsmøtet (2001)

Årsmøtet er høgste makta i laget. Årsmøte har det vel alltid vore. Årsmøtet i år er det femtiande vanlege årsmøtet etter eg vart medlem i Bondeungdomslaget. Eitt og anna omframt årsmøte har det også vore. Grunnlaget for årsmøta har vore det same, §4 i lagslova, men møteforma har endra seg.

Det sto i lova at årsmøtet skulle lysast ut i to aviser to gonger. I lysinga sto det at årsmøtesakene var lagt ut i resepsjonen på Bondeheimen. Der sat folk og las. Det var ikkje berre lagssakene som engasjerte. Vi dreiv også stor forretning, hotell og kaffestove.

Når vi kom til Lagssalen, var det småbord med kvite dukar. Talarstolen sto framfor scena. Det var pynta som til høgtid. Andreas eller Lundquist sat og kryssa oss av og delte ut papir. Det blå arket med røystesetlar var det same som no, i dag er det berre vorte gult i kanten av elde. Det må ha vore innkjøpt ei kolossal mengde med slike ark, nok for minst 50 år. Vi fann oss plass ved borda. Formannen slo klubba i talarstolen og opna møtet. Han vart som regel også møtestyrar.

Image

Leiarar i BUL: (frå venstre) Magnar Ervik (1967–1969), Herman Ranes (2000–), Olav Mogstad(1969–1971)
Foto: Tor Arne Østby

Vi starta alltid med song. «Dei vil alltid klaga og kyta», ein skikk som faktisk er tatt oppatt sjøl om allsongen i laget er på botn-nivå for tida, bortsett frå organiserte allsongkveldar. Årsmeldinga vart lesen. Det var dårleg med kopiutstyr den tida. Rekneskapen for laget vart gjennomgått. Så var det resultatet for forretningane. Den rekneskapen tok tid. Vi skulle passe på alle formalitetane. Offentleg revisor var til stades. Eg hugsar ein av dei sa at de var godt å vera på årsmøte i BUL. Vi var så flinke og korrekte i møteleiinga. Det er forresten gamal tradisjon i NU. Det har vorte sagt at mange stortingsrepresentantar hadde utdanninga si nettopp frå ungdomslaget. No har andre fora overtatt den rolla. Rekneskapen for forretningane skulle vi halde hemmeleg. Tala måtte ikkje koma konkurrentane i hende. Møteprotokollen vart sirleg ført av lagssekretæren. Bøkene stod på rekke og rad i betongkvelvet på lagskontoret.

Som eg har nemnt før, var det alltid servering frå Kaffistova på lagsmøta. Men på årsmøtet var det ikkje berre eit kakestykke og ein vaffel, nei det var ubegrensa med gode snittar og dessutan blautkake. Kanskje det var med og drog folk til årsmøtet?

I matpausen var det innsamling av pengar til Noregs Mållag. Da som no var det somme som ville støtte Mållaget, andre ville ikkje. BUL hadde god økonomi den tida. På budsjettet var det postar med stønad til ymse organisasjonar og tiltak frå Småindustrikontoret i Trøndelag til FN-sambandet. Særlaga fekk overført pengar frå hovudlaget. Pengane kom frå forretningane på eitt eller anna vis. Men det var streng styring med særlaga. Hadde dei overskot, vart det tilbakeført til hovudlaget. Hadde dei underskot, vart det ført i ny rekning.

Så var det val. Eg kan ikkje hugse at det var noko stort problem å få folk til å ta tillitsverv. Kanskje hugsar eg feil. Det var fleire verv enn no på grunn av forretningsdrifta. Det skulle vera eit driftsstyre og i rådet var det ni medlemer valde av årsmøtet i tillegg til ni frå lagsstyret og driftsstyret. Dei to styra hadde eit felles medlem, derfor ni.

Ofte vart kvelden for stutt. Årsmøtet måtte halde fram ein dag seinare. Spesielt i 1952 og 1953 var det svært lange møte. Eit par år seinare fekk Bondeungdomslaget ny lov. Enkelte vedtak skulle da gjerast på to vanleg årsmøte etter kvarandre. Eg hugsar det var eigen målkonsulent som sørga for at språket var godt. Eg prøvde å opponere mot ei formulering, men jyplingen vart fort sett på plass. I BUL skal ikkje tilfeldigheitene rå. Etter den tid har det vore lovendringsnemnder og lovtolkingsnemnder, men i utgangspunktet har vi den same lova enno, rett nok med ein del endringar.

Bortimot midnatt var møtet slutt. Det siste var at protokollen vart lesen og vi song «Oss har gjort kva gjerast skulle». Så var det å håpe at siste trikken ikkje hadde gått.

Olav Mogstad

PS.
Dette blir den siste episoden i denne serien. Det vart 13. Nok er nok. Eg vonar somme har funne glede i å lese mimringane og strøtankane. Somt er rett, somt er gale. Eg har ikkje granska kjeldene. Berre tatt det ut av minnet. Takk for at eg har fått spalteplass.

DS. 

Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image