BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

Stemneturar (2000)

I sommar var det stemne i Noregs Ungdomslag i Stavanger. Der var vi eit par handfull medlemer i Bondeungdomslaget i Nidaros. Vi var faktisk fleire sist det var stemne i Stavanger, i 1956. Landsstemnet var og er ei storhending i NU med årsmøte der ein ser litt tilbake og fastlegg aktiviteten framover. Stemnet er ein samanhangande fest, tre–fire dagar og neter.

Straks etter krigen var det ikkje bussar å få leigd. Vi leigde lastebilar til skuleturane. Over lasteplanet var det spent ein presenning på bøylar. Vi sat på trebenkar. Ingen nemnde tryggleik. Da eg tok til å dra på stemneturar, var det som regel med buss. Eigen buss eller buss i samarbeid med fylkeslaget. Ein gong haika vi. Det tok si tid, men vi kom fram. Bussane var små. Det var ikkje bagasjeplass inne i karosseriet. Koffertar og ryggsekker vart lasta på taket. Baggar var ikkje oppfunne. Kom vi til ein låg jarnvegsundergang, måtte bagasjen ned. Alt folket gikk inn i bussen for å trykke han ned slik at vi smatt gjennom. Grusvegane var smale. Her og der sto det eit blått skilt med ein M, møteplass. Ein gong vi skulle over ei bru, var svingen så krapp at vi måtte ut og lempe bakenden til sides for å koma inn på brua.

Image

På veg til NU-stemne i Stavanger i 1956.

På stemnestaden var det gjerne skuleinnkvartering, som no. Folk flest hadde ikkje telt og husvogner var ikkje oppfunne. Forresten hadde ingen bil å dra med heller. Privat innkvartering var eit alternativ, men det vart gjerne langt å gå til stemneplassen.

Stemneopplegget var omtrent som i dag. Den som ikkje var på årsmøte, drog på tur, fann seg stemnekjærast eller berre var der. Leikfesten var eit høgdepunkt. I Stavanger var det musikk av Glåmos spellmannslag som fyller femti år og får kulturpris i haust. Idrettshallane med parkettgolv var ikkje bygde enno. Mange stader var det industrilokale som var brukte som festsalar. Der var det av og til betonggolv. Det var dei skosolane. Så var det songdans. Inne og ute. Når festen inne var slutt og lokalet stengt, fann vi oss opne plassar. Song og dansa, time etter time. Svevn var luksus, det vart kanskje eit par timar på morgonkvisten. Vi knytte kontaktar og fekk vener. Det kunne bli venskap som har vara til i dag. Somme fann seg til og med ektefelle. Maten var enkel. Det var kakskiv. Dei som laga stemnemiddag, hadde ofte dårleg kjølekapasitet. Lapskausen vart sur og det kunne gi følgjer. På talarstemne søndag kunne det halde hardt å samle seg om programmet, men vi var der og sat i graset framfor den lauvpynta scena. Det var siste programpost. Skalkfesten vart ikkje oppfunnen før i 1971, av oss i BUL i Nidaros. Så var stemnet slutt og vi sov oss heim i skranglebussen.

Image

NU-stemne på Tynset i 1957.

Så var det fylkeslagsstemne. Eg lurer på om det ikkje til og med var to for året. Ut-Trøndelag ungdomslag var på ein måte delt. Øygruppa, som eg meiner femnde om Hitra og Frøya, levde sitt eige liv. Stemneturen dit gikk med Fosenbåten, fjordbåten som var innom alle grender på turen utover. På Hitra var dei gjestfrie. Privat innkvartering med full pensjon. Eg hugsar spesielt eit stemne der da skodda låg over øya. Grått lys natt og dag. Eg var døgnvill og retningsvill i to døgn. Men artig var det. Eg hugsar også stemne på Byneset og i Børsa. Alle bygdelag hadde ungdomslag som var i stand til å lage stemne.

Stemneturane måtte planleggast. Det var ikkje berre å hive seg i bilen å dra dersom ein bestemte seg dagen før. Vi måtte binde oss. I dag vil alle stå fritt heilt fram til siste dag i tilfelle det skulle dukke opp noko som var artigare. Denne vegringa for å binde seg er ein hemsko for alt organisasjonsarbeid i dag. Vil denne haldninga snu seg før alle leiarane har mista motet?

Olav Mogstad



Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image