BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

Spelmannslaget (2000)

Spelmannslaget vart skipa i 1954, så det er dårleg dekning for overskrifta, men eg skriv likevel litt om korleis vi hadde det dei første åra.

Vi som dansa i Leikarlaget, tykte at ein einsleg fele kunne bli litt tynt når salen var full av folk. Dei som sto der og spela åleine, var også interessert i hjelp.

Etter krigen styrte Rolv Myklebust med folkemusikkhalvtimen i NRK. Han sette i gang Turdansensemblet og ga ut langspelplater. Vi som var interessert i musikk i BUL meinte at noko slikt kunne vel vi få til på amatørbasis. Karl Gjønvik (Kalle) og Leiv Hevnskjel som var spelmenn og leikleiarar, var tent og i klassen min på NTH fann eg ein bassist, Arne Bø. Eg fann fram klarinetten. Eit par mann til som handterte fela, dukka også opp og Svanaug Vasseljen på piano hadde vi frå før. Ho var einaste jenta i Spelmannslaget og var god å ha når diskusjonen mellom karane vart for høgrøysta. Dermed hadde vi bass, piano, klarinett og fire feler. Folket skifta med tida. Sentrale folk som dukka opp dei første åra når nokon reiste, var Rolf Fossen med fele og Asbjørn Sandnes på piano og trekkspel.

Som eg har vore inne på før i denne serien, var det smått med tilgang på grammofonplater og notar med folkemusikk og gammaldans på den tida. Alle notebøkene som har dukka opp i dei seinare åra, låg godt gjømt i stuer og loft. Vi tok kontakt med K.E.S. Lund, ein sentral musikar på Røros. Han laga polsarrangement for oss. Vi skreiv til Myklebust og fekk tilsendt notane som han brukte når han spela inn platene. Vi fekk også tak i notar på komposisjonar av Per Bolstad og litt svensk musikk. Etter kvart fann vi gamle slåttar og vi tok til å arrangere sjøl og repertoaret voks.

Image

Her er Leiv, Kalle, og Asbjørn i godt selskap. Arkivfoto BUL.

Vi øvde i lagssalen ein gong i veka. Vi fann flyglet litt for «tungt» og fekk tak i eit gamalt piano frå hotellet. Det var ikkje pianoet som står på Hytta. Det var eldre enn det. Så spela vi. Kanskje mest til glede for oss sjølve, men også for andre trudde vi. Vi hadde ein maskot, Kari Arntsen. Ho møtte opp og høyrde oss øve. Ho var elles fast inventar i Lagssalen og på Lagsrommet på den tida. Ei aktiv jente som la ned mykje arbeid for rørsla vår før ho emigrerte til Sverige. Mykje moro var det. Vi spela ikkje på vanlege leikøvingar, men på kaffespleisar og lagsmøte var vi på plass. Og så var det turane. Dei var det mange av rundt på bygdene saman med dei andre særlaga. Da hadde BUL skikkelege «show» med teater, leikframsyning og dansespel. Vi var på Oppdal, Selbu, Tydal, Fosen og andre stader, ja heilt til Snåsa. Spesielt Snåsaturen hugsar eg godt. Det var framsyning og stor fest på lokalet. Dans. Festleiar var presten Ola Mæle. Han ba oss koma på gamleheimen og spela etter gudstenesta som han skulle ha der søndag. Det var eit livat publikum. Danse gjorde dei ikkje, men føtene og krokstavane gikk i takt. Det var den gongen Kalle la fela si på støytfangaren på bussen da vi starta frå Snåsa og fann ho att der da vi stoppa ved Mærekyrkja.

I den tida hadde vi eit fruktbart samarbeid med Spellaget (Teaterlaget). Dei laga revyar og vi sat i orkestergrava. Musikken måtte vi i stor grad arrangere sjøl. Vi var også med på syngespelet «Til Sæters». Samarbeid mellom særlaga slik som med «Draumkvedet» er ikkje noko nytt.

Image

Spelmannslaget i orkestergrava for Spellaget. Asbjørn Sandnes, Olav Mogstad, Leiv Hevnskjel, Rolf Fossen, Reidar Lien. Arkivfoto BUL.

Spelmannslaget har hatt eit mangslunge liv i dei 45 åra det har eksistert. Folk har reist og nye har kome. Instrumentsamansetninga har endra seg og repertoaret har vorte annleis. Turdansen er lågt prioritert for tida. Vi spelar tradisjonelle slåttar. Spesielt gledeleg er at det har kome til så mykje lokalt stoff. Men soga om Spelmannslaget skal ikkje skrivast her og no. Vi har det framleis triveleg.

Olav Mogstad



Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image