BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

Studiearbeidet (1999)

Da ungdomslagsrørsla voks fram i slutten av førre århundret, var trongen til fri opplysning ei av dei sterkaste drivkreftene. Ønskjemålet var frilynde i åndslivet. Rørsla var slik sett radikal, men også konservativ i den forstand at ein ville ta vare på det gamle med godt feste i røtene. I praksis vart det starta «leseforeninger». Det vil seia at folk kom saman for å lesa for kvarandre. Så kom Hulda Garborg med skodespel, folkedans og bunadsarbeid. Ho må vel seiast å vera mor til aktivitetane og fann at Noregs Ungdomslag var ein høveleg arena for arbeidet med dei. Andre aktivitetar har også vore innom arbeidsprogrammmet, t.d. skogplanting og internasjonalt hjelpearbeid.

Men opplysningsarbeidet sto sentralt. Arbeidsforma vart etter kvart studieringar der eit par handfull menneske samlast om å studere eit tema. Kanskje på grunnlag av litteratur eller ved at ein person med spesielle føresetnader fungerte som eit slag lærar. Korrespondansekurs kom på marknaden etter kvar og kunne brukast. Noregs Ungdomslag hadde stor aktivitet på dette området. Andre organisasjonar dreiv med det same. Aktiviteten vart samordna i Samnemnda for studiearbeid og staten kom inn med økonomisk hjelp. Da eg kom inn i ungdomsrørsla for femti år sia, var studiearbeidet ein av dei store aktivitetane.

Studienemnda i Bondeungdomslaget i Nidaros var ei viktig nemnd. Der var det bruk for lyse hovud med god fantasi, samarbeidsevne og kreativitet. Og dei fanst og var villige til innsats. I årsmeldingane frå den tida er meldinga frå studienemnda ei av dei fyldigaste. Kva var det så vi studerte? Det var ikkje lett stoff. Som eksempel kan nemnast «Frå Hamsun til Hoel», «Moderne litteratur 1948», «Norsk lyrikk», «Ideen bak partia», «Journalistikk», «På talarstolen», «Arbeids- og leiarpsykologi». Det var også meir praktisk retta kurs som «Tinnsløyd», «Kart og kompass», «Vi held selskap», «Bilkurs for førarprøven». Som eit kuriosum kan nemnast «Kurs i hønsehald».

Image

Konsentrert deltakar, Oddmund Hollås, på kurs i rosemaling ca. 1970. Arkivfoto BUL.

Det var mykje folk med i studieringane. Når eg blar gjennom årsmeldingane, finn eg at eit typisk ringtal er ti. Totalt deltakartal i kvart semester er opp i mot hundre. Det vil seie at ein femtepart av medlemmene var aktivt med. Motiva for å vera med, var sikkert fleire. Interesse for stoff og kunnskapstørst, men også det sosiale samværet var viktig. Ringane samlast gjerne privat hos ringmedlemene på omgang. Det vart litt matstell og sikkert prat om ting som ikkje sto i programmet for ringen. Det var tydeleg eit behov for samla aktivitet på studiefronten. Og så var det avslutningsfest på hytta! Men eitt år vart hytta for lita. Sverre Myklestad hadde fått med så mange som omlag to hundre. Da måtte lagssalen takast i bruk. Det vart ein fest mange hugsar. På menyen sto det på fransk «Qlep o’lait» eller noko slikt. Da vi kom til bords fekk vi gamaldags trøndersk kleppmelk.

Studiearbeidet slik det gikk for seg som nemnt ovanfor, døydde ut. Kvifor? Studieringane hadde som mål å gi informasjon og kunnskap. Mange av oss hadde berre folkeskule og kanskje framhaldsskule som ballast og følte at det var hol i kunnskapen. No har alle vidaregåande skule og dermed tilnærma lik allmennkunnskap. Men viktigaste grunnen er kanskje den store tilgangen på informasjon, ikkje minst frå fjernsynet. Vi har ikkje bruk for meir. Dermed har ikkje studieringane noko hol å fylle.

I årsmeldingane for dei siste åra finst det ikkje melding frå Studienemnda. Det tyder at det ikkje har vore noka slik nemnd i arbeid. Særlaga har halde kurs som kjem under nemninga studiearbeid og har vel også fått tilskot til kursa. Det er bra, men kunne eit organisert studiearbeid på tvers av særlagsgrensene ha noko for seg? Ein måtte finne tema som ikkje blir dekt av internett. Det vil vel helst seie praktisk retta emne.

Olav Mogstad



Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image