BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

17. mai (1998)

Grunnlovsdagen, nasjonaldagen 17. mai har alltid stått sentralt i den frilynte ungdomsrørsla. For Bondeungdomslaget i Nidaros har han vore, og er, ein stor festdag. Feiringa i laget har ikkje endra så mykje karakter, men vi som har vore med ei stund, ser at nye trekk kjem og andre blir borte. Åra har gjort minna lysraude.

Vi starta dagen med nynorsk messe i Domkyrkja, som no. Der var også vi ungdomane. Det er ei spesiell stemning i gatene tidleg ein 17. maimorgon. Byen er reinvaska. Det står finpynta flokkar på plassar og hjørne og ventar på ei kransing eller ei anna markering. Ómen frå musikkorps snik seg inn i øyrene der vi rusla opp mot Nasjonalheilagdomen i vårmorgonsola. Bunadkledde fyller vi det meste av austskipet. Vi syng dei gamle, kjente fedrelandssalmane. Presten preikar. Etterpå har vi god tid til å ønskje kvarandre til lykke med dagen, der vi ruslar rundt kyrkja til biskop Wexelsens grav. Eg minnest at BUL leigde ein prest til å halde minnetalen og legge kransen ved minnesteien. Vi andre song. Seinare fann vi ut at den talen kunne vi halde sjølve, helst ved formannen i laget.

For å sjå barnetoget samlast vi utanfor Adressa i Nordre gate. Kvifor skulle vi samlast akkurat der, i skuggen? Eg har fått fortalt at skikken oppstod under namnestriden før og etter 1930. Lagsfolket ville erte Nidarosmotstandarane. Det viser kor tradisjonsbunde laget vårt har vore. Vi erta i fleire tiår år til vi gløymde kvifor. Neste post var kaffe og kaker på Hotell Bondeheimen, ikkje i Lagssalen servert av Veteranringen. Nei vi fylte heile hotellet – matsalen, salongane og kaffestova – og vart servert. Tynnlefse, fleirlags blautkake, vaflar og smørbrød. Der gikk praten, og vi inspiserte dei som hadde fått seg ny bunad eller ein ny unge. Så stilte vi opp under den gamle fana, som vi framleis har, og marsjerte til Katedralskolen for å gå i folketoget. Det har endra seg lite desse åra. Det same er å seie om talen på Torget.

Dei i Leikarlaget som skulle ut og danse på institusjonar, fekk middag på Bondeheimen. Så bar det avgarde i buss, t.d. til Ringvål som den gongen var full av folk med tuberkulose. Unge, bleike menneske som kanskje vart friske, kanskje ikkje. Vi får tru vi var eit lyspunkt. Folk som ikkje skulle danse, høyrde kanskje på talane på Torget eller dei fór heim og piska eggedosis som var standard 17. maidelikatesse. Søtt, kvalmt og godt.

Enno hadde vi eit høgdepunkt att, festen i Lagssalen. Salen var pynta med lauv og flagg, programmet var klart. Festtale, spelstykke, mat, allsong, mat og dans. Det var ei ære å få tale i BUL og kjendisane stilte opp. BUL var ein verdsett kulturinstitusjon som også var medrekna i kommunepolitikken. Spellaget, no Teaterlaget, sto for eit spelstykke eller eit anna innslag. Songlaget låg nede på den tida. Maten leverte Hotellet. Og folket kom. Mange med perifer tilknyting til laget såg fram til festen i BUL. Typisk tal var 300 deltakarar. Største talet eg har funne, er 340. Trongt? Eg kan ikkje minnast at det kjendest slik. Salen hadde eit stort galleri den tida. Der sat folk og følgde med kven som dansa saman. Utpå natta gikk vi heim. Den gongen fanst det automatar på veggene her og der langs gatene. Vi putta på myntar, og ut kom sjokolade, sigarettar og kanskje også ei brusflaske. Det smakte godt etter ein lang festdag. Men vi var ikkje snauare enn at vi laga ring og dansa songdans på Torget. Dansa oss inn i ein ny vårmorgon.

Olav Mogstad

PS.
Vi legg enno krans på grava til biskop Wexelsen den 17. mai. Dei fleste som møter der, ser ikkje ut som representantar for eit ungdomslag. Er det på tide å ta denne tradisjonen opp til vurdering? Gi han nytt liv eller ein verdig død?

DS. 

Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image