BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Personvernerklæring

Nettside fra Digitalt Byrå

Skriv ut

Trønderbunad med røter i Ålen

ImageImage

 
Denne mannsdrakta er ein kopi av ei heil drakt som tilhøyrer Johannes Reitan frå Ålen.

Drakta representerer draktskikken slik han var draktdistriktet rundt Røros sist på 1800-talet. Røros draktdistrikt dekkjer eit stort geografisk område med Røros i sentrum.

Det var Bunadnemnda i BUL i Nidaros som arbeidde med å få kopiert denne drakta i 1952--53. Folkedansrørsla blomstra i byen, og mennene måtte ha seg bunad. Vestestoffet vart spesiallaga for å få så nøyaktig kopi som mogeleg av den gamle vesten. Dette stoffet vart tilrådd brukt av Bunad- og folkedraktrådet i 1983, men heile drakta er ikkje lagt fram for eit samla råd.

Til bunaden høyrer:

Linskjorte med broderi, vest, skjøttrøye, lokkbukse, hoser, hoseband, silketørkle og huve.

Skjorta er av lin med anten plattsøm eller teljesaum. Ho har høg ståande krage og vert halden saman i halsen av ei sølv- eller massingknappspenne med digel. Ermlinninga vert òg halden saman med ein sølv- eller massingknapp. I halsen, oppå skjorta, knyter ein eit silketørkle.

Vesten er voven i tynt ullstoff, smalstripa i seksten ulike fargar. Bindinga er femskafta sateng. Vesten har ståande krage, er dobbeltknappa med åtte knappar i høgda, og har to lommeklaffar. Framstykka har ein figursaum på kvar side, og er fora med lin, medan bakstykket er sydd i enkelt linstoff.

Skjøttrøya har fått namnet sitt frå dei to skjøtene ho har bak. Ho er av mørkeblått eller brunt vadmål, og har tosaumserme med splitt og to knappar nedst. Lommeklaffane har to massingknappar kvar.

Lokkbuksa har fått namnet sitt frå lokket, ei klaff som sit framme. Lokket blir knappa med fem knappar i høgda midt framme. Ved kneet er det splitt med fem knappar og smal linning med spenne.

Hoser. Ein bruker kvite hoser, gjerne mønsterstrikka.

Hoseband. Ein kan bruke hoseband i mange ulike fargar.

Huve. I Røros draktdistrikt vart det nytta strikkahuve med løkkestrikka kant. Vi oppmodar dei som ber bunaden om å følgje denne tradisjonen. Unge gutar har raud huve med raud kant, ugifte menn har raud huve med svart kant kant, gifte menn har blå huve med raud kant.

 

 



Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image