Om produksjonen

Rolleliste

Foto frå prøvene

For pressa

 

 

Vaksengruppa 2007: RISK

— Sterk, varm og humoristisk
BULs versjon av hørespillet Risk er godt nytt, skriv Adresseavisens anmeldar Frida Holsten Gullestad etter premieren fredag 28. september 2007. Ho framhevar dei sceniske løysingane, Petter Rossvoll som Mattis, og framfor alt det kollektive løftet. Ho konkluderer med at "Regissør Rickard Skjong har gjort en kjempejobb med adapsjonen fra radio til scene — og resultatet er både se- og hørbart samtidsteater".

Sjå Adressa 29. september 2007

Handlinga
I Risk møter vi den unge guten Mattis. På Blakstad psykiatriske sjukehus må han gjennom ein smerteleg prosess. Mattis er ikkje som alle andre. Han er smartare. Og han skal ut herifrå. Men først må han finne ut kva som gjekk gale. Og kva med stemmen? Den er der framleis, er den ikkje? Med hjelp av psykiateren startar Mattis prosessen med å gå gjennom alt på ny: Flyttinga til Paris, forsøket på å henge med i det vanvittige køyret på École Supérieure de Commerce, og så er det Brit – som han forelskar seg i. Var han verkeleg med i UCK – den albanske fridomshæren? Er han ein mordar? Og kva med jenta i den utbomba kjellaren? Gjennom Mattis får vi innblikk i dei hendingane som drog han inn i psykosen.

Regi og scenografi: Rickard Skjong — Lys: Socar Frostad Udbye — Kostymer og rekvisittar: Sigrid Moe
Produsent: Kirsti Petersen (98477567)
Plakat: Tor M. Hetland — Foto: Maarten van der Velde

Spennande, ny norsk samtidsdramatikk
Det er duka for urpremiere i BUL-salen når Teaterlaget set opp sceneversjonen av «Risk» av Christopher Grøndahl. «Risk» er i utgangspunktet eit høyrespel, og NRK radioteatret sin produksjon av stykket vann i 2003 prisen for beste radiodrama i det prestisjefylte Prix Europa i Berlin.



Speleplan
:
fredag 28. september kl 19:00
laurdag 29. september kl 19:00
søndag 30. september kl 19:00
måndag 1. oktober kl 19:00
tysdag 2. oktober kl 19:00
torsdag 4. oktober kl 19:00
fredag 5. oktober kl 19:00
laurdag 6. oktober kl 19:00
søndag 7. oktober kl 19:00
- alle dagar i BUL-salen, Gildevangen, Søndre g 22 B

Billettar:
Vaksne kr 100 / Studentar kr 80 / Grupper over 10 personar kr 70
Bestill billettar pr e-post til teaterlaget@bulinidaros.no — eller kjøp ved inngangen

 

Ibsenprisen til Christopher Grøndahl
Tysdag 20. mars i år fekk Christopher Grøndahl Ibsenprisen 2007 for høyrespela Tundra og Silent winds of Blackpool, som vart sendt i Radioteatret i 2006. Silent winds of Blackpool er også nominert til prisen for beste radiodrama under Prix Europa, den prisen som Risk vann i 2003. Grøndahl har hausta mange lovord som dramatikar etter at han debuterte med høyrespelet «Niveanatt» i 2001. Han stod mellom anna bak manus til filmthrilleren «Villmark» (2003) og til dokumentarfilmen om Erik Bye – Giganten (2005). Det er første gong eit stykke av Grøndahl blir sett opp i Trondheim.

Les meir om Christopher Grøndahl på heimesida hans.

«Risk er eit spel der minst tre personar kjemper om verdsherredømmet»