Om produksjonen
Rolleliste
Pressefoto © Kjetil Nordø
Sommerteater for alle
Årets sommerutflukt skal inneholde en porsjon naturopplevelse, følelsen
av deltakelse og en dæsj teater som appellerer til hele familien. Tidens
Krav 09.07.07
Alice fra eventyrland
SOMMERTEATER: Teaterlaget BUL byr på sommerteater på Munkholmen.
I år er det «Alice i eventyrland» som står på
programmet. Byavisa
5.6.2007
Alice i fotoland
Hvordan Alice i Eventyrland skal bli kjempestor og bitte liten
i BULs forestilling på Munkholmen, er foreløpig hemmelig. Men
i fotostudio kan det trikses og fikses. Adressa
16.04.07
Surrealistisk teater på Munkholmen
Alt kan skje når Alice jakter på kaninen i Eventyrland.
Adressa
15.03.07
Superlativ
for Alice på Munkholmen
Superlativa sit laust etter premieren på Alice
i eventyrland 8. juni på Munkholmen. «Eit verkeleg eventyr»
og «ei leiken og intelligent framsyning som både er hysterisk
morosam og imponerande velspela», skriv Amund Grimstad i Klassekampen
– og konkluderer med at «oppsettinga av Alice i eventyrland er
ein sensasjon! Punktum». «Magisk og frisk oppsetting» skriv
Heidi O. Wollamo i Adresseavisen, og konkluderer med at «Det må
ha boblet og sydet av kreativitet i tårnet på Munkholmen».
[11.06.07]
Sjå Klassekampen
11. juni 2007
Sjå Adressa 9. juni 2007
Årets sommarteater på Munkholmen er barnebokklassikaren "Alice i eventyrland " av Lewis Carroll, i Mads Bones og Olve G. Løseth sin regi.
NB! Billettsalet går så det susar, og enkelte dagar er no utselt! Kontakt Olavshallen på tlf 73994050 eller bestill på nett hos Billettservice.
Denne snart 150 år gamle romanen pirrar stadig fantasien og eventyrlysta hos nye generasjonar. På Munkholmen i år skal vi altså følgje Alice, der ho smett etter den merkelege kaninen ned i eit hol i jorda og ned i ei underleg verd. Vi skal skal møte den sære dronninga, den levande kortstokken, kålormen, filurkatten, hattemakaren og mange andre merkverdige vesen! Som vanleg når BUL spelar sommarteater på Munkholmen: noko for alle aldrar!
Vår versjon av Alice i eventyrland har nyskriven musikk av Mads Bones, som også har regien på stykket i lag med Olve G. Løseth. Dei hadde nyss stor suksess med musikalen "Three Blocks Away" i Stundentersamfundet i samband med ISFIT-festivalen 2007. Dei har "vakse opp" i Teaterlaget, og har nyleg fullført teaterutdanning i Århus (GITIS).
Rundt 30 av Teaterlagets skodespelarar i alle aldrar vil delta i årets oppsetning.
PR-materiell: Kjetil Nordø ©
har laga plakatar, flygeblad og pressefoto til oppsetninga - alle med Emilie
Mordal Konradsen (Alice) som modell. Sjå
foto
Presse: kontakt Kjetil
Nordø © for høgopplyseleg
versjon av bilda.
Kostymevernisage 29. mai
Tysdag 29. mai skal alle kostymene til Alice visast fram på
Munkholmen!
Speleplan:
Premiere fredag 8. juni kl 1830
Søndag 10. juni kl 1530 og 1830
Måndag 11. juni kl 1830
Tysdag 12. juni kl 1830
Onsdag 13. juni kl 1830
Torsdag 14. juni kl 1830
Fredag 15. juni kl 1830
Søndag 17. juni kl 1530 og 1830
Måndag 18. juni kl 1830
Tysdag 19. juni kl 1830
Onsdag 20. juni kl 1830
Torsdag 21. juni kl 1830
Fredag 22. juni kl 1830
Søndag 24. juni kl 1530 og 1830
Måndag 25. juni kl 1830
Tysdag 26. juni kl 1830
Onsdag 27. juni kl 1830
Torsdag 28. juni kl 1830
Fredag 29. juni kl 1830
Grupper over 15 personar kr 120 - Born/honnør kr 130 - Vaksne kr 160
Førehandstinging av gruppebillettar fram til 20. mars på e-post
teaterlaget@bulinidaros.no
Ordinært billettsal hos Olavshallen tlf 73 99 40 50 og hos Billettservice
Produksjonsleiarar: Marit Eriksen og Yvonne Gipling