BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Design og CMS: mpDesign

Skriv ut

Bunadnemnda

Bunadnemnda gjev rettleiing om bunader, og tilbyd òg utleige. Dersom du ønskjer å leige ein bunad, kan du ta kontakt med Gunvor Bakka, telefon 72 88 50 71. Dersom du har spørsmål om bunader, eller berre vil ha ein «bunadprat», er det berre å ringje ein av medlemene i nemnda:

  • Gunvor Bakka, tlf. 72 88 50 71
Nemnda svarer på spørsmål om alle slags bunader, men driv utleige berre av bunader frå Trøndelag.

Bunadnemnda ønskjer å arbeide for god bunadbruk, særleg innanfor BUL, slik at BUL med det kan syne omverda kva det vil seie å kle seg i bunad. Bunadnemnda meiner dette er ei særs viktig oppgåve for BUL, og arbeider for at til dømes dei som dansar framsyningar alltid har komplette bunader. Ein bunad er ei heil drakt, og av respekt for kulturarven bunadene representerer, skal ein alltid bruke alle draktdelane som høyrer til. Ein bunad er ikkje komplett utan til dømes huve!

Nedanfor kan ein lese meir om to av dei bunadane nemnda leiger ut:


Trønderbunad med røter i Ålen

Denne mannsdrakta er ein kopi av ei heil drakt som tilhøyrer Johannes Reitan frå Ålen.

Les meir»

Trønderbunad frå Gauldalen

Ragna Rytter sette saman denne mannsdrakta sist i 1950-åra. Ho tykte at karfolka òg skulle ha si særeigne drakt, slik kvinnene hadde fått det i 1920-åra.

Les meir»

Image
Image