BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Design og CMS: mpDesign

Skriv ut

Dansekveld 21. april: Tron Steffen Westberg og Jørgen Nyrønning, Sturla Eide og vener

BUL og TrondheimFOLK slår seg saman og inviterer til storstilt dansefest på BUL-hytta laurdag 21. april frå 18.00 (se fullstendig program og prisar nederst i arrangementet)! Det vert drivande pols av Tron Steffen Westberg og Jørgen Nyrønning, og ein godtepose av musikalsk snacks frå Sturla Eide med vener. Det blir òg sal av sodd og moglegheit for overnatting til sundag, alt ligg dermed tilrette for ein kveld fylt med fantastisk dansemusikk for ein kvar smak - velkomen!

NB! Det blir ikkje barnedans denne kvelden. Ved eit uhell har det vorte skrive feil på papirplakatane som heng rundt omkring i byen. Vi beklagar!

Tron Steffen Westberg og Jørgen Bønstu Nyrønning har spelt saman i fleire år. Der Westberg har tradisjon frå Brekken og Røros har Nyrøning med seg tradisjonar frå Ålen, og saman speler dei slåttar med ei drivande polstakt du skal leite lenge for å finne makan til. Dei har spelt opp til polsdans kvart år på BUL-hytta i mange år, og dette er eit av dei mest populære arrangementa BUL arrangerar.

Felespiller Sturla Eide tar denne gongen med seg Lasse Sörlin på bouzouki og viola d'amore, Ronny Kjøsen på trekkspel og tangentar og Øystein Sandbukt på gitar. Desse fire har spelt saman i mange år, og ga i 2010 ut plata Triller. Dei opererer i den sørtrønderske slåttetradisjonen, men komponerer og arrangerer mykje sjølv, slik at uttrykket deira er mindre tradisjonsbunde, men likevel har en dansetakt mange misunnar.

Tid: laurdag 21. april.
Soddsal frå kl. 18.00 og dans frå kl. 19.00

Prisar:

Ordinær: 280,-
Student: 150,-
Medlem BUL/TrondheimFOLK: 150,-
Overnatting: 200,-
Overnatting medlem BUL: 150,-
Sodd: 70,-
Mineralvann: 40,-
Kaker og kaffi: inkludert i inngang.

Billettar kan kjøpast i døra eller på førehand: https://trondheimfolk.hoopla.no/sales/dansefestbultrondheimfolk


Stad:
Adressa til hytta er Lianvegen 116B. Ta trikken frå sentrum til Lian. Gå oppover og 500 m forbi Sans & Samling (Lian Restaurant). På venstre side finn du ein liten parkeringsplass. Frå her går du vegen ned til venstre om lag 50 m. For alle som er usikre på vegen frå trikken vil ein av arrangørane møte trikken på Lian kl. 18.36 (den går frå Sentrum 18.15) for å vise veg.

Overnatting:
Det er opent for overnatting til sundag, sjå prisar over. Hytta har senger/madrasser med dyner og puter, garderober og dusj. Ta med deg sengetrekk eller sovepose og eigen frukost.


Image


Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image