BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Design og CMS: mpDesign

Skriv ut

Dansekveld 17. mars: Søndre Trondhjems spellmannslag og Jo Einar Sterten Jansen

Laurdag 17. mars speler Søndre Trondhjems spellmannslag og Jo Einar Sterten Jansen til dansefest på BUL-hytta på Lian!

Før dansekvelden er det dans for barn, sjå nedanfor.

SØNDRE TRONDHJEMS SPELLMANNSLAG er det yngste spelemannslaget i Trondheim, stifta i august 1994. Dei har teke fram og speler eit stort slåtterepertoar frå gamle Trondhjems Amt, særleg dei slåttene som dei føler har fått for lite oppmerksemd. Dei har ein forkjærleik for pols frå Gauldal, Singsås, Budalen, Holtålen, Soknedalen og Fosen, så det blir gode mogelegheiter for å få svinga seg til ordentleg god polstakt.

Lytt til Søndre Trondhjems Spellmannslag på Spotify:
https://open.spotify.com/artist/64ZH7Y62bQACsCnU4cvHjQ

JO EINAR STERTEN JANSEN er ein fele- og hardingfelesepelemann frå Frosta. Han har nordisk master i folkemusikk og ein spelestil som blir beskrive som kraftfull, dynamisk og kreativ.

Lytt til Jo Einar Sterten Jansen på Soundcloud: https://soundcloud.com/joeinar

Tid:
Laurdag 17. mars kl. 19:30

Stad:
Adressa til hytta er Lianvegen 116B. Ta trikken frå sentrum til Lian. Gå oppover og 500 m forbi Sans & Samling (Lian Restaurant). På venstre side finn du ein liten parkeringsplass. Frå her går du vegen ned til venstre om lag 50 m.

Pris:
Medlem: 100,-
Student: 150,-
Ikkje-medlem: 200,-

Vi tar kontantar og VIPPS

Barnedans:
Kl. 18:00-19:00 er det dans for barn i alderen 3-10 år.
Barnedansen er gratis.

Overnatting:
Det er sengeplassar på hytta, så det er mogeleg å overnatte til søndag for dei som vil. Ta med sovepose eller laken, dyne- og putetrekk, samt eigen frokost.
Pris på overnatting:
Medlem i BUL: 125,-
Ikkje-medlem: 175,-



Aktivitetskalender


Sjå alle»
Image
Image