BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Design og CMS: mpDesign

Skriv ut

Kurs i rørospols 2. og 3. februar

Vi gjentar suksessen frå tidlegare år, og får med oss Heidi og Svein til å halde kurs i rørospols første helga i februar!

Pols er ein pardans i tretakt som er veldig vanleg på dansekveldar og dansefestar i Trøndelag. Kurset gir eit godt grunnlag for å kunne danse på Rørosmartnan. Kurset er opent for alle, og du treng ikkje ha med partnar.

Tid:
Fredag 2. februar kl 19-21
Laurdag 3. februar kl 11-15

Stad:
Forsamlingshuset Skogheim på Sverresborg Trøndelag folkemuseum

Pris:
BUL-medlem/student: 150,-
Ikkje-medlem: 300,-

Det er inga førehandspåmelding, det er berre å møte opp.

Instruktørar: Heidi Tovmo og Svein Granøien


Laurdagskvelden blir det dansekveld med levande musikk same stad frå kl. 19. Gratis inngang. Dansekvelden er også tilrettelagd for døve.


Image
Image