BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Design og CMS: mpDesign

Skriv ut

3. til 12. november 2017 kl. 1900: I blanke messingen i BUL salen

Vi er i Sheffield i Nord-England. Vi ser følgjane av Thatcher si rasjonalisering av gruve- og stålindustrien i landet. Kvardagen for folk, som tidlegare hadde jobb, tryggleik og tru på framtida, er grå og kald. Her finnest ikkje jobb lenger. Og inga hjelpetiltak for dei som treng det.

 

Kva skal ein gjera? Korleis kome seg vidare – ut av gjørma? Er det i det heile teke mogleg?

 

Og her er vi ved kjerna i haustens store teaterproduksjon:

Teaterlaget i BUL set opp ein musikal som handlar om fem langtidsledige stålarbeidarar frå Sheffield. Dei vert oppildna av den interessa ein Chippemdales-trupp skapar mellom kvinnene på staden. I naud for pengar bestemmer dei seg for å gjere noko tilsvarande.

 

Men med ein viktig forskjell: å syne fram også det vesentlegaste.

Velkomne til «I blanke messingen»

Historia om dei arbeidledige kamaratatne som får ideene om å settja opp eit strippeshow á lan Chippendales for å kome seg bort frå ein sørgjeleg kvardag, har vore spela med stor applaus over heile verda etter at filmen om gjengen hadde premiere i 1997.

Vår versjon er omsett av Ragnar Olsen (for Hålogaland teater), og er ein røff, bittersøt og svart humoristisk musikal, godt kryddra med feiande flott musikk, song og dans framførd av eit struttande ensemble på 25 sko
despelarar og musikarar. I sanning ein musikal med fleire lag.


Billettane kostar: Vaksen kr 315, Student og honnør: kr 275

Billettar får du kjøpt på: https://bul-nidaros.hoopla.no/sales

Her finn du videoar frå førebuingane:
www.youtube.com/watch
www.youtube.com/watch


Send oss en melding


Ditt navn:
Telefonnummer:
E-postadresse:
Melding:
Spam verification Skriv sikkerhetskode her



Image
Image