BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Design og CMS: mpDesign

Skriv ut

Barnedans måndagar i oddetalsveker

Vi har opplegg i folkedans for barn mellom 3 og 10 år. Folkedans er sosial dans, så vi bruker mykje song, dans og leik.
Alle våre instruktørar er utdanna anten innanfor folkedansinstruktørmodellen i Noregs Ungdomslag, og/eller har teke folkedansemne på NTNU.

Alle dansarar er velkomne, både nye og gamle!

Første øving hausten 2017 er måndag 28. august, og vidare på måndag i oddetalsvekene. Siste øving er 4. desember (uke 49).

Opplegget er lagt opp slik:

kl. 17:00-17:30: Spesielt tilpassa dei yngste dansarane (FamilieFolk).

kl. 17:30-18:00: Opplegg for alle barna saman (FamilieFolk og StorFolk)

kl. 18:00-18:30: Spesielt tilpassa dei eldste dansarane (StorFolk).


Aldersinndelingane er rettleiiande. Ein kan vere der heile tida, eller på det opplegget som er tilpassa si aldersgruppe.



FamilieFolk

  • For alle mellom 3 og 6 år
  • Vi jobber med bl.a. grokoordinasjon gjennom songdansar, hal
  • Foreldre eller andre vaksne er med barnet
  • Øver i oddetalsvekene mellom 17.00 og 18.00 i Søndre gate 22 B (Thon Hotell Gildevangen)
     

StorFolk

  • For skuleelevar mellom 6-10 år
  • Vi jobber bl.a. med koordinasjon og enkle dansar som reinlendar, gallopp og halling i tillegg til songdansar og leik.
  • Øver i oddetalsvekene mellom 17.30 og 18.30 i Søndre gate 22 B (Thon Hotell Gildevangen)

Det kostar 600 kroner pr. kalenderår for dei som er under 14 år. Foreldra på familiepartiet betaler ikkje medlemspengar.


I tillegg til måndagsøvingane blir det i haust barnearrangement på haustleiken 25. november og på juleavslutning 10. desember. Juleavslutninga er felles for heile BUL og barnelaget viser fram det dei har øvd på i haust.

Kontakt:


For meir informasjon om betaling ta kontakt med BUL-kontoret:
e-post: lagskontor@bulinidaros.no
 
For anna informasjon ta kontakt med foreldrekontaktane:

Odd Ragnar Deng Lerstøl: epost: orl7368@gmail.com







Image
Image