BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Design og CMS: mpDesign

Skriv ut

9. - 30. Juni Ronja Røverdatter på Munkholmen

Den natta Ronja Røverdatter vert født, slår lynet ned i borgen til far hennar, røvarhøvding Mattis. Borgen vert delt i to av ei sprekk dei kallar Helvetesgapet. 11 år etter får Ronja auge på ein ukjent gut på den andre sia av Helvetesgapet. Det er Birk, sonen til Mattis sin erkefiende Borka, som har flytta inn. Kan Ronja og Birk bli venner, og kva vil i så fall foreldra deira seie?

Dette er starten på eit eventyr som går føre seg i ei frodig fantasiverd. Skogen rundt Mattisborgen er full av både komiske og skumle vesen som Ronja og Birk møter mens dei veks og finn sin eigen veg i livet. I Ronja Røverdatter visar Astrid Lindgren oss at born kan være klokare enn vaksne. At det kan krevje stort mot å halde fast på si eiga meining. At fordommar ofte forsvinn dersom vi vågar å bli kjende med det ukjende.
Årets sommarteater på Munkholmen byr på spenning, humor og visdom i ei herleg blanding som passar både for born og vaksne. 

Speletid: 9. til 30. juni, Måndag til fredag 18:30 og Søndag 15:30 og 18:30.

Billettar: Vaksne 240,- kroner, barn/stud/honnør 190,- kroner (båtbilletten er ikkje inkludert i prisen)

https://bul-nidaros.hoopla.no/sales
  •  



Image
Image