BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Design og CMS: mpDesign

Skriv ut

Veteranleik 14. mai

Velkomen til turdans og songdans på veteranleiken sundag kl. 19.00.

Det er mai, men framleis kan me vel undrast litt på om våren er komen enno … For alle tilfelle si skuld hev me sett på programmet «Og vesle lerka»:

Og vesle lerka, ho hev det so,
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
so kved ho i med sin gladaste song,
so trur ho på vår med ein einaste gong.
– Å hei! å hi! å ti-ri-li-ti! å ti-ri-li-ti-ri-li-ti!

Og vesle lerka, ho hev det slik,
at finn ho ein solstråle, so vert ho rik.
Då stig ho i høgdi, og trallar i lit
til sumar på jord, endå snjoen ligg kvit.

Og lyngtuva det er lerka sitt fat.
Der set ho seg ned, og so fær ho seg mat.
Og når ho er mett, ho takkar so glad
Vårherre for maten med kvitter og kvad.

Gud signe deg! Du er fuglen min, du!
Gud signe no deg med di glade tru!
Og møter eg kulde og snjo på min veg,
Gud gjev med i soltru å kveda med deg:
– Å hei! å hi …

Her er lista over alle songdansane som me elles hadde tenkt å velja frå:

Bind deg ein blomekrans
Strilevise
Nordlandsvisa (Det står ein friar)
Kryllingen (Hei huskom i hei)
Gamle grendi (Tidt eg minnest)
Nordmannen (Millom bakkar og berg)
Åslaug møy
Ung Åslaug
Fram dansar ein haugkall
Og vesle lerka
Stigelin

I kveld er eg glad
Trolldans
Liti Kjersti og elvekongjen
Når det blir sommar
Kallen og staven
Krakspjøten
Dansarfala
Tenn på løse
Kjære Olamann
Lars lenkelifot


Turdansar:

Tretur frå Hordaland
Tretur frå Aure
Feiar frå Vestlandet

Figaro der alle dansar
Seierstadhopsa
Fandango frå Namdalen

Åttetur m mylne
Gml Reinlender
Tyrolervals
Trondheimar frå Ofoten



Image
Image