BUL i Nidaros

BUL Nidaros

+47 73003409  (telefonsvarar)

Måndag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00

Onsdag:

12.00 - 18.30

Torsdag:

08.30 - 10.00

 

11.00 - 15.00


Design og CMS: mpDesign

Skriv ut

28.4.2017 Dansefest på BUL-hytta

Fredag 28. april blir det dansefest og Helgestemning på BUL-hytta på Lian. Denne kvelden skal heile 4 lag spele til dans for oss! Vi får musikk frå:

Søndre Trondhjems spellmannslag
Snaustrinda pangsjonistlag
Lychelaget
Torgeirs

Pris:
Medlem: 100,-
Student: 150,-
Ikkje-medlem: 200,-

Adressa til hytta er Lianvegen 116B. Ta trikken frå sentrum til Lian. Gå oppover og 500 m forbi Sans & Samling (Lian Restaurant). På venstre side finn du ein liten parkeringsplass. Frå her går du vegen ned til venstre om lag 50 m.


SØNDRE TRONDHJEMS SPELLMANNSLAG er det yngste spelemannslaget i Trondheim, stifta i august 1994. Dei har teke fram og speler eit stort slåtterepertoar frå gamle Trondhjems Amt, særleg dei slåttene som dei føler har fått for lite oppmerksemd. Dei har ein forkjærleik for pols frå Gauldal, Singsås, Budalen, Holtålen, Soknedalen og Fosen, så det blir gode mogelegheiter for å få svinga seg til ordentleg god polstakt.
https://www.facebook.com/Søndre-Trondhjems-Spellmannslag-222300048134323/

Lytt til Søndre Trondhjems Spellmannslag på Spotify:
https://open.spotify.com/artist/64ZH7Y62bQACsCnU4cvHjQ


LYCHELAGET TORADERLAG vart stifta på Lyche Restaurant på Studentersamfundet i Trondheim i 2015. Lagets musikalske fokus er slåttespel i toneart A/D.
https://www.facebook.com/lychelaget/


SNAUSTRINDA PANGSJONISTLAG: Pensjonerte medlem frå studentspelemannslaget på Samfundet har danna sitt eige lag. Dei tek oppdrag på strak bogearm og med godt humør under alibiet om å spreie slåttegleda til folket. Eigentleg vil dei berre mimre om dei gode gamle dagane då hybelen var raud og rund, livet ottelaust og bogeføringa høg. Speler variert gammaldansrepertoar lokalt frå Noreg og omland frå førre generasjon i Snaustrinda, eller var dei generasjonen før der att? Litt usikker...
Uansett, det blir god musikk, blide musikarar og triveleg stemning!


TORGEIRS: Eigentleg heiter denne gruppa noko anna men sidan ingen enno veit kva, er ho oppkalla etter initiativtakaren. Torgeirs er ein kvintett som speler variert musikk frå Trøndelag. Dei har som mål å ikkje spille det same som Pangsjonistlaget, men heller satse på slåttemateriale som eignar seg for seriøse studiar i harmoni og tradisjon i ein mindre besetning. Like trauste og avorlege som namnet tilseier. Alle er trass alt fødde i den kulturelle gullalderen mellom Ketil Stokkans siger i MGP med 'Romeo' og utgivinga av deLillos 'Svett smil' same året Gitarkameratene vart årets spelemann med 'Typisk Norsk'. Snør på skoa og dans!


Image
Image